Trening: Når og kor? Treningstider for alle gruppene i idrettslaget. Klikk her!
|
Forfattar: Øyvind Halgunset
 Gunnar, Håkon, Ingvald og resten av Suldalsgutane hadde full kontroll mot Vard
17-mai regnet hadde gitt seg, gradestokken viste igjen tosifra verdiar og sola hang høgt over ei irrgrøn grasmatte på Eide. Med andre ord: ein fin kveld for fotball. Og Suldalsgutane leverte varene denne gongen og. Det vart storsiger over gjestene frå Haugesund. Les meir…
Forfattar: Øyvind Halgunset
 Håkon teikna seg på skoringslista mot Etne
Suldalsgutane fossar vidare. Torsdag var det tabelleiar Etne, som stod med med solide 32-2 i målforskjell før denne kampen, som vart sendt heim med stygge siffer i bagasjen. Det vart med andre ord ein komfortabel siger for Suldal denne kvelden. Les meir…
Forfattar: Jon Bråtveit

Heimekampen for a-laget mot Jarl på laurdag vart avlyst sidan Jarl ikkje greidde å stille lag.
Då laget møtte på kaien i Stavanger laurdagsmorgon, var det berre åtte spelarar som møtte. Dermed vart kampen avlyst. På dette tidspunktet sat det alt to suldalsspelarar på Tau-ferja som måtte gjere vendereis.
Resultatet blir sett til 3-0, og me får tre poeng. Det er i alle fall slik det er blitt gjort før når lag ikkje har møtt.
Forfattar: Jon Bråtveit
 Ny debutant på seniornivå: Mirzet trekkjer i suldalsfargane igjen.
Randaberg arena vart første heimebanen vår denne sesongen.
Motstandarane har hallen som treningsbane, dermed fekk me spele seriekamp her. Kjekt når det bles, snøar og regnar ute, men om sola ein gong skulle finne på å få temperaturen på tosifra varmegrader så er det nå kjekkast med fotball ute. Speletilhøva var uansett like for begge lag; tilnærma perfekt! Les meir…
Forfattar: Jon Bråtveit

I dag vart kaptein Øyvind Gjuvsland far igjen, gratulerer!
Det vart ein gut, og han skal heite Jone, sikkert etter lagkameraten til far. Alt vel med mor og barn. Så ser me fram til tøffe taklingar i Vikjo i neste generasjon og!
Forfattar: Dagfinn Nesbø Havrevoll
Lang busstur til Haugesund såg ikkje ut til å ta knekken på gutane. Suldal kunne reisa heim med seier i bagasjen.
Det vert meldt om at Suldal vann lett 6-0. Trenarane er godt nøgd med innsatsen frå heile laget. Lagkameratane synest Sander styrer laget godt, noko som gjer at samspelet fungerer mykje betre no. Måla vart scora av Sander (4), Gjermund og Kristoffer E.
Neste kamp er borte mot Falkeid. Det er nok kanskje den tøffaste motstandaren på papiret, men gutane gledar seg allereie til kampen.
Forfattar: Jon Bråtveit
Det vart eit stygt resultat mot kompisgjengen i FK Ild på Storhaug i Stavanger.
Til denne kampen fekk me bruk for at me heldigvis har ein del å ta av i troppen, for skader, arbeid og andre ting gjer det til eit uforutsigbart arbeid å ta ut lag. Gjengen som møtte opp i byn i dag var anten knapt gamle nok til å kjøpe brennevin, eller gjekk i russedress då dei yngste på laget gjekk i bleier. Men trua hadde alle, om ein var eplekart eller årgangsvin. Les meir…
Forfattar: Torill Telstad
Suldal IL ski inviterer alle skiinteresserte til ein felles treningsdag på Gullingen søndag 10 juni kl 10.00. Dei eldste skal ha ei felles rulleskiøkt før dei prøvar seg på motbakkeløpet «Grønhovet opp» (rulleski og løping). Dei yngste skal ha barmarkstrening før dei avslutter med leik på rulleski/rollerblades. Ta med treningstøy, rulleski, hjelm og matpakke og møt opp.
Forfattar: Jon Bråtveit

Fleire har nok fått med seg historia som går frå 5. divisjonspulja vår i desse dagar.
I dag møter me FK Ild som var involvert i eit av dei merkelegaste raude korta frå fotballverda. Saka starta i lokalpressa, men har nå dukka opp i med anna Dagbladet og. Klikk her for ei merkjeleg historie og eksempel på at fair play ikkje alltid er så lett….
Forfattar: Dagfinn Nesbø Havrevoll
Då er oppsettet for Suldalsserien klart. Dei første kampane tek til torsdag 3. mai.
Suldal har meldt på 3 lag i miniknott, 1 lag i knott, 2 lag i lilleputt og 1 lag i ungdomstrinn. Den første kampen i Prestavikjo vert miniknott Suldal 3 mot Sand 2 kl. 18.00 torsdag 3. mai.
Fotballgruppa ønskjer alle spelarar og lagleiarar lukke til med årets sesong!
Forfattar: Jon Bråtveit
 Hat-trick på kapteinen i dag!
Så kom første sigeren, med god margin.
Rett før sesongstart vart Hjelmeland sendt heim med 9-0 i treningskamp. Spenninga låg dermed før kampen i om me greidde å nullstille oss og var klar over at ein ny siger ikkje ville komme av seg sjølv. Heldigvis greidde me det. Hjelmeland stilte berre med 11 spelarar denne gong og, mens me var i overkant mannsterke. Dermed vart dei utover kampen trøytte, mens me nok mista litt kontinuitet ettersom det vart mange bytte. Les meir…
Forfattar: Jon Bråtveit
 Debutant 1: Anders
Så var det klart for første kamp på byaslaget denne sesongen.
Laget hadde ei positiv avslutning på fjoråret, så det var håp om poeng her i dag. Dessverre var nokre sentrale frå i fjor opptekne, slik at det utover kampen vart litt tynt og eit par lette mål imot heilt mot slutten. Les meir…
Forfattar: Dagfinn Nesbø Havrevoll
I den andre kampen for G14-laget vart det tap mot Etne.
Gutane leverte, etter rapportane, ein god kamp. Det vart produsert mange målsjansar, men ballen ville ikkje i mål for Suldal.
Sander Deilkås scora målet til Suldal. Neste kampe er bort mot Djerv 1919.
Forfattar: Tor Olav Berge
 Christian storspelte i debuten på a-laget og fekk tre poeng av Vinjar Låjen.
Me kom til Knudamyrå og vart møtt med brus og bananer av kampverten. Dette gav eit godt førsteinntrykk av dagens motstandar Forus og Gausel.
Sjefen sjøl, Jon Bråtveit, hadde teke turen til Berlin og gav då ansvaret for garderobepraten til Tor Olav Berge. I garderoben før kamp snakka me om korleis me skulle fungere i formasjon. Me visste at Forus og Gausel var eit godt lag med raske spissar og vingar, så me starta i ein 4-5-1-formasjon. Les meir…
Forfattar: Arne Vold
Då vart det endeleg ljos att rundt kunstgrasbana. Leiarane i fotballgruppa og kunstgrasgruppa avtala å møta ved bana etter mørkets frambrudd for testing av flomlyset, og vart godt nøgde med resultatet. Litt fin-justering av lyskasterane skal gjerast til hausten, men anlegget er godt brukande til trening og kamp.
Lyset slår ein av/på i ballbua, og det vil til hausten vurderast om ein skal nytta flomlys-anlegget utanom treningstidene.
 Prestavikjo sett frå Kariåsen
 Leiar i fotballgruppa er godt nøgd med ljoset.
|
Støtte til kunstgrasbane i Prestavikjo Ønskjer du å gi støtte til kunstgras i Prestavikjo? Gi gåve på kontonummer 3205.22.74043.
Giro og bakgrunnsinformasjon finn du ved å klikke her!
Grasrotandelen. Kor mykje har me fått i Grasrotandelen? klikke her!
For å registrere deg, send SMS. Skriv:
GRASROTANDELEN 983958605 til 2020 (tenesta er gratis),
eller ta kontakt med tippekomisjonæren din.
|