Menn 7 er: Vardeneset 3 2-3 Suldal 2

I fleire år hadde Suldal 7 er lag for menn før dette vart avslutta for nokre år siden. Det var litt variert kor me spelte heimakampane våre og nokre sesongar spela me heimekampane våre i Prestavikjo. Dei siste sesongene spelte me både heime og bortekampene våre i Stavanger. I 2024 sesongen bestemte me at me igjen ønska å spele 7 er fotball igjen for å gi et tilbud tl spelerar som er busett i byen. Me skal spele både heime og bortekampene våre i Stavanger. Med oss har me fått spelerar som har måtte børste støv av fotballskoa sine, nokre A-lagsspelerar og to saudagutar som har vist seg å halde god kvalitet.

(meir…)

6 div avd 3 Sunde 2 1-1 Suldal

Kamp nummer to denne langhelga og nok ein tur sørover i fylket. Denne gong skulle me møte laget som ligg heilt nederst på tabellen, Sunde 2

Denne kampen skulle egentlig vore spelt tidlegare i haust, men me måtte få den utsatt då me hadde store problemer med å stille lag til kampen. Me prøvde verkeleg å mobilisere, men for første gong på mange år måtte me ringe Sunde 2. Heldigvis var dei greie med oss og utsatte kampen til denne flotte søndagen i starten på oktober.

(meir…)

6 div avd 3 MIL 2 4-2 Suldal

Bortekampane kjem tett som hagl og denne helga står der to kamper for tur. Først borte mot MIL 2 torsdagen før me skal måle krefter mot Sunde 2 søndagen.
I pulja vår denne sesongen er me fire lag frå Ryfylke og me er ganske godt samla på tabellen. I skrivande stund ligg Fiskå på andre plass, MIL 2 på tredje, Suldal på fjerde og Hjelmeland på femte plass. Det var altså stolthet å spele for i denne kampen der våre helter skulle i kamp mot MIL 2.
Til kampen hadde ein skadeskutt Tore meldt seg klar i tillegg til at Atle hadde tatt turen frå sitt kjære Sauda for å spele kamp. Mangel på rutine skulle det ikkje var. På MIL 2 var det og fleire kjende navn som har veksla mellom Staal og MIL. Den tidligere eminente Knut Foldøy var og å sjå i den fargerike, lilla heimedrakten.

(meir…)