Oppdaterte treningstider Vinjar gymsal
Nye treningstider for gymsalen gjeld frå januar 2021. Gjeldande smittevernsreglar til ei kvar tid følgjast!
Treningstider gymsalen Vinjar skule 2021.
Nye treningstider for gymsalen gjeld frå januar 2021. Gjeldande smittevernsreglar til ei kvar tid følgjast!
Treningstider gymsalen Vinjar skule 2021.
Første sak i nytt år er ingen gladsak: Som følge av nye reglar og råd angåande korona frå Regjeringa, avlyser me all trening dei neste to vekene.
Det er spesielt punktet
som gjer at me ikkje ser for oss at me kan gjennomføra fotballtreningar.
I tillegg er ungdomsskular sett på raudt nivå, som gjer at det ikkje er aktuelt for ungdom å samlast til trening.
Me håpar me kan starta med vanlege treningar for barn og ungdom frå og med måndag 18. januar.
Me tek bestillingar på treningsdressar og diverse andre plagg fram til og med 26. desember.
Dette gjeld klede som passar best til fotball, men som sjølvsagt også kan brukast av trimmarar. Den gule treningsdressen er på plass, samt nokre svarte jakkar. Alt vil få hovudsponsorane sine logoar på. Gule jakkar får trykt «Suldal IL» bak, svarte jakkar «Suldal IL Fotball». Det er ikkje alle plagga som er tilgjengeleg for alle, sjå på oversikten.
Suldalsgutane- og jentene vil få sjanse til å bestilla i januar, når me veit kven som skal vera med. Her blir det eigne sponsortrykk.
Bestillingar kan de senda til fotball@suldal-il.no eller på messenger/melding til Jon. Hugs frist 31. januar.
I oversikten under er det lenkja til seniorstorleikar. Adidas har endra nettsidene, dermed er det ikkje alle lenkjene som fører fram. Her er oversikt over storleikar:
116 – 128 – 140 – 152 – 164 – 176
XS – S – M – L – XL – XXL
Sjå oversikt her: Kleskolleksjon 2021
Me veit at det gjekk ein del tid med bestilling i fjor, det var følger av korona som førte på mangel av ein del storleikar. Me håpar me får kleda tidlegare i år, men det er ikkje noko me kan styra.
Eg har framleis litt klede liggande, om nokon saknar bestillinga si så får de ta kontakt. Det gjeld spesielt seniorspelarar.
Også i år har 6-åringane hatt eigne treningar hausten dei startar i 1. klasse.
I heile haust har dei møtt opp til trening i Prestavikjo saman med foreldra for å prøva seg på fotballtrening før dei skal vera med på miniknott-trening saman med 2. klasse etter nyttår. Det kan vera trygt å prøva seg berre saman med klassekammeratane sine i starten, slik at ein blir kjend både med korleis ei trening går føre seg, og kva fotball eigentleg er. Gjennom hausten har dei øvd på pasningar, skot, dribling, leik med ball og spel på små mål, alt under engasjert leiing av Anette Goa Bråtveit.
Det har stort sett vore 7-9 med på treningane kvar gong, men i løpet av hausten har alle 12 som går i 1. klasse i år våre med på trening. Nå blir det pause fram til miniknott-trening startar opp etter nyttår. Mest sannsynleg blir treningstida måndagar kl 16.45-17.45, men det kjem me tilbake til.
Takk til foreldre som har møtt godt opp og villig hjulpe til med øvingar, knyting av sko og psykisk støtte, og takk til Anette som tok på seg jobben som trenar!
G16-laget har vore ferdig med sesongen nokre veker og avslutta ei jamn pulje på 6. plass.
Suldalsgutane vann tre kampar ganske klart, og så hadde dei marginene mot seg i tre kampar som ein fort kunne fått poeng i. Spesielt var eittmålstapet borte mot puljevinnarane Nord surt å svelgja. Bittert er det også å tapa med eitt mål mot nabolaget Sauda. Sidan det berre vart haustsesong, blei det spelt enkel serie der ein ikkje fekk tatt revansje. Sjølv om det vart 6. plass, er vegen opp til 3. plassen kort. God innsats!
Det har vore godt oppmøte og bra trøkk på treningane til G16 i haust, og trenarteamet Tor Arne Sigstad, Øyvind Marvik og Kristian Steine har gjort ein flott jobb med gutane gjennom mange år. Tusen takk til dei, også i år!
For nokon var kanskje dette siste året som Suldalsgut-spelar, dei eldste er 17 år og på veg ut i Verda, men me håpar me greier å laga til eit lag til neste år også. Den jobben startar nå.