G10 på RT-cup 2019 på Tau

Også i år tok Mikkel Kral med seg laget sitt til Midtbygdens IL sin RT Cup på Tau. I år konkurrerte dei i G10 Mix. Her er eit lite referat.

Lagbilde G10 Mix RT Cup 2019

Ein kjekk cup. G10 mix (6 gutar og 2 jenter med erfaring med 7’er fotball) med Mikkel som trenar stilte i 7’ar-fotball. Laget frå Suldal IL møtte Staal (Jørpeland), Hjelmeland og MIL ( Midtbygdens Tau), og fekk gode resultat i desse kampane. (Resultat frå barnefotball skal ikkje gjerast offentlege, derfor er ikkje dei med her i referatet.) Ungane var kjempeflinke. Dei hadde hatt eit par ekstra treninger før sjølve cupen, og viste godt samarbeid på banen på Tau. Supportarane kan ikkje klaga på spenning i kampane heller. (meir…)

Trenarkurs med FK Haugesund

Spelarar og trenarar på kurset.

14. mai samla 25 trenarar frå klubbane i Suldal seg til trenarkurs i regi av Christoffer Kydland frå FK Haugesund-akademiet. 

Kurset kjem som følger av at FK Haugesund ønskjer å få til samarbeid med breiddeklubbane i regionen, slik at ein både held så mange som mogleg av ungane i fotballen lengst mogleg, og at ein kan få fram lokale toppspelarar på sikt. Ein kan lesa meir om bakgrunnen i artikkelen Her dyrker FKH kjærligheten til breddeklubbene.

Ein skal nok ikkje sjå vekk frå at ein tidlegare Suldal Billag-sjef med hjarta både i Suldal og FK Haugesund har hatt ein finger med i spelet for at me har fått dette tilbodet…. (meir…)

Ungdomsskuleserien 2019

Ungdomsskuleserien i Suldalsserien er i gong, men i ei anna utgåve enn tidlegare.

I år har me gjort om på den tradisjonelle ungdomsskuleserien, der laga møtte kvarandre i enkeltkampar rundt om i grendene. Det viste seg at det blei vanskeleg å få nok spelarar til alle kampane, og det var ikkje så stor interesse rundt kampane. Desse kampane kolliderte også av og til med Suldalsgutane- og jentene sine kampar og treningar Dette ønska me å gjera noko med i år. (meir…)

Strålande fotballveke for Suldal IL!

Det har vore ei aktiv, men svært god veke for laga til Suldal IL i kretsseriane.

Flaggskipa våre, seniorlaga, har full pott. Herrene starta med ein sterk bortesiger 1-2 mot Hjelmeland på tysdag, og avslutta veka med ein minst like sterk heimesiger 2-1 mot Brodd 3. Dette resulterte i delt tabelltopp etter fem kampar.

Damelaget hadde sin første seriekamp for sesongen på torsdag, også her blei det 2-1 siger og ein super start på sesongen. (meir…)