Røldalsrennet 30. des 2023

Stemningsbilde frå Røldalsrennet. Foto: Helen Moen Gjuvsland.

I solskinn, gnistrande vintervêr og ein gradestokk som viste vel 10 kalde var det i dag duka for Røldalsrennet. Suldal IL hadde 13 påmeldt for dagen kor klassisk stilart stod på programmet. 

Helen Moen Gjuvsland har sendt denne skildringa.

Dualigt med snø, nykøyrde løyper og enkle smøreforhold gav flotte ramer for renndagen i bygda. 

Dei yngste var først ut i konkurransen med tradisjonell start opp flaggstang-bakken. Godt med heiarop fordelt rundt i løypa gav dei ei fin oppleving. 

For enkelheitas skuld er det pallplassane i dei rangerte klassane som videre er referert her:

Amalie Lunde var først ut i sporet av dei som blei rangerte. Ho vart feildirigert og enda med å først gå 1 km, og deretter måtta starte om att etter målgang på korrekt distanse 2 km. Den ekstra «strafferunden» såg ikkje ut til å setja ein dempar på ho, då ho susa inn til 1. plass i J11. Eline Berge sparka også godt i frå i sporet i same klasse og sikra dermed 2. plass.  

I G12 viste Jone Gjuvsland gode takter og tok 1. plass, medan Svein Aksel Tjøstheim kom inn til 3. plass få sekund bak 2. plassen. 

Aksel Sukka Mehus henta seg ein fin 3. plass i sin klasse G13

I G14 var Simon Bakka på hugget og tok ein sterk 1. plass, medan Agathe Lunde også gjekk godt og tok 2. plass i J14. 

I K17 var det god konkurranse og Mathea Vik stakk av med 1. plassen i sekundstriden i  hennar klasse.

Nyttårscup 2023 – damer

Medaljistar 2023: Frå venstre: Sølv til lag 2: Anette Goa Bråtveit, Nora Vik, Silje Lovra, Ane Hoås Foldøy. Gull til lag 5: Mari Indrebø, Stina Marvik, Lina Baustad Hoås. Bronse til lag 7: Norah Gjil, Celina Vold, Maria Lunde

Ny vri på cupen i år: Ein dag for damer/jenter og ein dag for herrer/gutar. Torsdag i romjula var det damene som møttest i gymsalen på Vinjar skule.

Om det var at det blei ein eigen dag for damene som gjorde at det blei rekordpåmelding, veit me ikkje, men det var i alle fall kjekt at 22 damer frå 9. klasse og oppover meldte seg på. Desse blei trukke ut og fordelt på sju lag. På denne måten blir det tilfeldig kven ein kjem på lag med. Dette gjer at ein aldri kan vita på førehand korleis ein kjem til å gjera det resultatmessig, men me håpar alle har eit mål om å spela fotball og ha ei kjekk økt uansett korleis det går. Og neste år er det ny sjanse.

(meir…)

G14 til topps på Score Cup!

Vinnarlaget 2023: Frå venstre: Samuel Lunde, Stian Myklebust, Roald Emuge Oluka, Michal Kral (trenar), Jørgen Aadnøy, Ondra Kral, Rasmus Sundseth Steine, Emil Hagen, Jostein Marvik Hølland, Anders Warhaug (trenar), Levi Lundal Warhaug, David Gjil, Trygve Mehus Rugland. Framme f.v.: Tor Olav Aarhus, Veigar Elia Gudding Eyfjord

Suldalsgutane- og jentene har vore med nokre år på Score Cup i fotballhallen Vår Energi arena på Randaberg. I år gjekk G14-laget heilt til topps! Det er ein strålande prestasjon, og her kjem reisebrev frå turen og cupen. Veronica Lundal Warhaug står for tekst, mens Michal Kral har teke bilda.

Det var ein spent, og litt trøytt, gjeng som reiste tidleg frå Suldal søndag morgon for å vera med på Score Cup på Randaberg. 

For nokon var dette deira første kamp på Suldalslaget, og eg trur fleire kjente litt på nervøsiteten av å møta store gutar frå byn. 

(meir…)

Statkraft støttar Prosjekt Prestavikjo med kr 10.000!

Ein av hovudsponsorane våre, Statkraft, gir kr 10.000,- til Prestavikjo. Det er kjekt å ha næraste nabo med på laget!

Midlane kjem gjennom ordninga «Min hjertesak», der dei ansatte kan nominera prosjekt som kjem nærmiljøet til gode. Ordninga gir kr 10.000,- til formåla dei støttar. Den ansatte som har nominert har sjølv brukt utallige timar i Prestavikjo og i fotballen i Suldal IL, både som stødig midtstoppar, trenar, oppmann, fotballgruppemedlem og i mange andre roller. I «gamle dagar» festa han slådda på bilen og løyste opp den frosne grusen i nordre sving før vintertreningane til a-laget. Spør ein denne karen om noko, så er svaret alltid «Jøsses ja!»

Statkraft kom til bygda då Ulla-Førre-prosjektet (Usikker kjelde: Wikipedia.org) skulle realiserast, og var ein viktig støttespelar då fotballbanen blei etablert i 1977. Dei stod med anna for at det blei lys på banen alt då, lys som i dag er 45 år og modent for utskifting.

Under prosjektet me nå held på med, bidreg Statkraft i tillegg til denne gåva med lagringsplass og lån av diverse utstyr som me har bruk for. Som hovudsponsor gjennom fleire ti-år, er og har Statkraft vore viktig for aktiviteten i Suldal IL.

Tusen takk for gåva!

Montèr Suldal støttar Prosjekt Prestavikjo med materialar!

Hallvard på Montèr Suldal var ikkje vond å be då me hadde bruk for materialar til 3’ar-banen. Tusen takk for det!

Det var behov for 150 meter med 2×4 for å sikra oss at vanta til 3’ar-banane ikkje kom ut av stilling då det skulle støypast. Såpass mange meter utgjer fleire tusen kroner, så me er svært glade for at vår lokale byggvarehus hadde lyst til å hjelpa oss med dette.

Montèr Suldal på Garaneset bør vera kjent for dei fleste, men kanskje veit ikkje alle at det er Noregs største byggvarekjede med 140 byggvarehus rundt i landet. Montèr er ein del av Optimera AS.

Takk for gåva!