by Per Even Tjøstheim | mar 18, 2021 | Resultatlister, Ski |
Ein fin kveld i mars arrangerte Hjelmeland IL andre og siste lysløypekarusell for dei som går på tid. Skirennet var òg ein del av Ryfylkemeisterskapet og
det blei mange tette duellar på rask snø og gode forhold. Ekstra moro med deltakarar både frå Sauda og Stavanger forutan lokale løparar.
Resultat Ryfylkemeisterskap – 2. karusell 17.03.21
Telenorkarusell 2021 – samanlagt
by Per Even Tjøstheim | mar 17, 2021 | Ski |
Onsdag 17. mars inviterar Hjelmeland IL inn til Ryfylkemeisterskap kombinert med siste skikarusell. Merk at det òg er eige barnerenn for dei under skulealder. Dei melder seg på ved henting av startnummer og dei har start kl. 18. Hugs å halde avstand og vel møtt til skirenn!
Startliste Ryfylkemeisterskapet
by Per Even Tjøstheim | mar 16, 2021 | Ski |
Velkommen til Suldalsrennet som går i fristil i lysløypa på Gullingen laurdag 20.mars kl. 13.00. Gutar og jenter under 8 år har start kl. 12.30
Suldalsrennet 2021 Smittevernprotokoll Suldalsrennet 20. mars 2021 (meir…)
by Per Even Tjøstheim | mar 16, 2021 | Resultatlister, Ski |

I svevet!
Over 50 ivrige deltakarar har vore med i trim- og aspirantklassen i lysløypekarusellen i år. Dei har vist at skileik framleis er ein utandørsidrett og trassa både vind, snø og regn. Nytt av året var at dei utan tidtaking fekk sine eigne kveldar då me av smittevermessige orsakar ikkje kunne samle for mange på ein stad. Allikevel blei løypa og spesielt skileiken, flittig brukt og nye meistringar stod i kø anten det var framover, bakover eller kanskje ei ny kuleløype.
Alle som har delteke minst ein gong får premie og dei som ikkje var med siste gongen skal me få levert ut premiar til. I skrivande stund har me fått litt påfyll av snø og forholda er supre for endå meir skitur og skileik nå på tampen av sesongen. Ta turen!
Telenorkarusell 2021 trim- og aspirantklasse
(meir…)
by Per Even Tjøstheim | mar 15, 2021 | Resultatlister, Ski |
13. og 14. mars blei Vindbjartmixen og Sandriprennet arrangert på Hovden i høveis fristil og klassisk stil. 16 løparar frå Suldal stilte til start og beit godt frå seg i sporet begge dagar. Det har vore få skirenn i vinter, men endeleg fekk ein ut å konkurrere med andre frå Agder Rogaland skikrets.
(meir…)