by Per Even Tjøstheim | mar 3, 2020 | Ski |
Suldal idrettslag inviterer til det tradisjonsrike turrennet Mosvatnet Rundt. Merk at det også er renn for dei aller yngste. Det er fellesstart for alle.

Start og mål ved Gullinghuset
Dato: Søndag 8. mars 2020
Klokka: 13.00. Barnerennet for dei under 8 år har start kl. 12.30
Stad: Gullinghuset, Suldal
Stilart: Klassisk, 24 km (frå 17 år)
Løype: 8 km trasè på austsida av Mosvatnet i lett kupert terreng som vert gått 3 gonger. Start og mål ved Gullinghuset med løype sørover gjennom lysløypa mot Hedlebrekk, rundar rundt Bundingen og ut på Svardalsheia før ein svingar nordover mot stadion att kor ein vender. (meir…)
by Per Even Tjøstheim | feb 19, 2020 | Resultatlister, Ski |

Klare til start. Foto: Suldalsposten/Marta-Brit Lunde
Ny, flott kveld i lysløypa med raske spor og ivrige deltakarar. Erfjord IL styrde eit flott arrangement med stødig hand og godt mannskap. Dette var karusell nummer to i vinter så nå står siste skikarusell att, 5. mars. Sjå link for resultat. Resultatliste skikarusell 19. februar 2020
by Per Even Tjøstheim | feb 18, 2020 | Ski |
Etter ei helg med meir regn enn me hadde lyst på, var det bra i kveld å kunne stadfeste at snøen
held og at me jamvel får påfyll av det kvite. Nå skal alt ligge til rette for ein fin skikveld att og denne gongen er det Erfjord IL som er arrangør. Om du ikkje har fått meldt deg på før, er det framleis mogleg. Møt opp i god tid, registrer deg og få eit startnummer enten vil gå trim eller konkurrere på tid. Trim startar frå kl. 17, tidtaking kl. 18.
Startliste 2. karusellrenn
by Per Even Tjøstheim | feb 13, 2020 | Resultatlister, Ski |
Første skikarusell blei gjennomført ein etterlengta, skikkeleg vintrakveld i februar med om lag 200 store og små løparar, trimmarar og aspirantar. Denne gongen stod Hjelmeland IL saman med Suldal IL for arrangementet.
Resultatliste skikarusell 13. februar 2020
by Per Even Tjøstheim | feb 12, 2020 | Ski |
Endeleg er snøforholda i lysløypa gode og det er klart for årets første skikarusell. Rennet går i fristil – det er valfritt om du vil skøyte eller gå klassisk. Yr melder om flott vintervêr, så ta med deg heile familien på skifest. Om du ikkje har fått meldt deg på endå, og gjerne skulle vore med som aspirant, trimmar eller løpar på tid, er det plass til fleire. Start frå kl. 17 for aspirantar og trim, kl. 18 for dei med tidtaking. Møt opp i godt tid, og ikkje minst – ta deg god tid. Her er snø, flotte løyper, kiosk og varmestove. Velkommen! Startliste 1. karusellrenn Skikarusell 2020, trim og aspirant