Suldalsrennet – startlister og løypekart

Start og mål blir i Breiastølsdalen, om lag 400 meter frå parkeringa ved skisentrert. På grunn av meldingar om ein del vind blir det felles premieutdeling i Gullinghuset ved lysløypa etter rennet. Løparane i barnerennet(under 8 år) kl. 12.30 får premien sin ved målgong. I Gullinghuset blir det òg kiosk og garderobar. Startnummer blir delt ut lagvis ved start. Det er vegen innover Breiastølsdalen som blir brukt som løype og me ber om at løparar og tilskodarar tek omsyn til kvarandre då trasèen kan vera noko smal for møtande løparar. Velkommen!

Startliste Suldalsrennet 08.02.2020 (meir…)

Suldalsrennet 2020

Suldalsrennet går i fristil

Suldalsrennet blir trass mild vinter arrangert laurdag 8. februar kl. 13 som oppsett! Me må derimot på grunn av lite snø gjera endringar av løypetrasè og start/mål. Vegen i Breiastølsdalen som ligg om lag to km aust for lysløypa blir brukt som reservearena og parkering blir ved offentleg parkeringsplass ved skisenteret.

(meir…)

1. skikarusell avlyst.

Milde vintrar hadde ein òg før, som her i Falun i 89 kor ein arrangerte verdenscup på rubb og stubb..

Som de legg merke til let vinteren med gode snøforhold vente på seg. Lysløypa har endå ikkje nok snø og karusellen som var utsett til 27. januar blir avlyst. Første renn blir då tysdag 4. februar og me håpar på å kunne følgje planlagde datoar etter dette. Hjelmeland IL er arrangør og rennet går i fristil som planlagt. 

1. skikarusell utsett ei veke

Me treng meir snø i lysløypa for å kunne starte skikarusellen og utset første rennet til måndag 27. januar. Om du derimot har lyst til å prøve skia før kan me anbefale Breiastølsdalen med nok snø og fine skispor.