Seniorhelger

Dei to siste helgene er det særleg Suldal IL sine seniorar som har vore i aksjon.

Den som reiste lengst og gjekk lengst var Øyvind Røgenes som deltok på det 90km lange Vasaloppet. Øyvind rapporterer om ein veldig tung dag, men greidde likevel ein 148 som er den beste plasseringa Øyvind har hatt i dette rennet.

Same helga var det ein stor delegasjon og gjekk den 43km lange Holmenkollmarsjen. Best av Suldølane på den fulle distansen var Magnus Bakka som vart nr 26 i M35-39. I M45-49 vart Arne Medhus nr 57, Raymond Krogh nr 82, Øyvind Kjetilstad nr 104, mens Åsmund Bakka vart nr 77 i M40-44 Den som verkeleg viste seg fram var Else Kristin Krogh som vart nr 3 i K40-44 på 26.5km distansen.

Denne helga representerte Simon Bjørheim Suldal IL på ein veldig god måte  i det 45km lange Sirdal Ski maraton med ein sterk 8 plass totalt og 3 plass i M21-29.

Det var og ein stor delegasjon som deltok på det 42km lange Helterennet. Her gjorde Øyvind Røgenes ein god figur med 11 plass total og sigar i M30-34år. Fort gjekk og Lars Lunde med 61 plass totalt og 3 plass i M40-44 og Magnus Bakka med 72 plass totalt og 6 plass i M40-44. Alf Odden prøvde seg og på turrenn og vart nr 378 og nr 45 i M55-59. Arne Mehus gjekk Halvhelten på 26km. Det gjekk svært fort og har vart nr 8 i ei stor klasse. Helterennet har og klasser for dei yngre løparar og her hevda Suldal IL seg svært godt. På den kortaste distansen vart Daniel Bakka nr 6 i G11 etter eit sterkt renn. I det 13km lange Ungdomshelten gjekk Tobias Lunde eit godt løp i G13 og vart nr 5. I same klassa hadde Thomas Bakka full klaff og gjekk heilt til topps etter å ha gått sigrande ut av eit skikkeleg spurtoppgjer.

Smørjetips til Mosvatnet rundt

Det er meldt tre plussgradar og regn på Mosvatnet i dag.

Dermed vil ein gul eller raud glider være det rette i dag.

Elles så er det realt klisterføre. Rode rossa spesial er god når det kjem regn på finkorna snø, men andre raude klistre frå rode, swix og andre merker vil fungere godt.

Dette er og ein dag kor ein vil få både godt feste og god glid med fellski og rubbski.

Om du ikkje vil bruke klister så må ein til med den raudaste voksen ein har, men dette kan fort bli litt glatt.

Når det gjeld rill så bør den være så grov som mogleg. 2mm rett vil være veldig bra, men og 1mm rett vil hjelpe på gliden.

Smørjetips til skikarusellen 19. februar

Ennå ein skikarusell ? Denne blir i klassisk.

Yr.no melder 3-4 minusgrader kl 18 på torsdag og lite vind.

Snøen vil da være relativt kald og det vil ikkje ha komme noko større med nysnø sidan natta før.

På dette føret vil ein blå glider truleg være best, tett fulgt av ein lilla glider. Raud glider kan og fungere. Både vanleg fast glider og flytande glider vil fungere utmerkt.

Når det gjeld feste kan det bli kaldt og tørt nok til at ein får godt feste på Swix blå ekstra eller VR45 eller Rode lilla multigrade. Dette kan bli litt glatt så ha klar Swix lilla spesial eller VR50 eventuelt lilla 0 Rode

Skal du rille vil 1mm rett på bakskia være bra.

Smørjetips for skikarusellen 13. februar

Da er vi omsider i gang ? og første renn bli i skøyting.
Yr.no melder 5 minusgrader kl 18 på torsdag og lite vind.
Snøen vil da være relativt kald og det vil ikkje ha komme noko større med nysnø det siste døgnet.
På dette føret vil ein blå glider truleg være best, tett fulgt av ein lilla glider. Raud glider kan og fungere. Både vanleg fast glider og flytande glider vil fungere utmerkt.
For dei som driv med rilling vil det fungere med både ei skrå rill eller ein juletre rill over heile skia. Desse bør ikkje være for grove og 0.5mm vil truleg være passe. Frå bindingen og bakover vil 1mm rett rill være bra.
For dei som vil smørje skia vil ein vanleg blå ekstra gje godt feste. Om dette blir litt glatt så legg litt lilla spesial under midten.