Skogstrimbok i Bjødlenuten

Trimgruppa har vore i dagsturhytta og vaska den inni, etablert nye gangvegar i stien, skilta bedre til både Stråpanuten og Bjødlenuten, og det viktigaste av alt: ny skogstrimbok er på plass i dagsturhytta i Bjødlenuten. 

På sikt vil trimgruppa henga opp kasse ute, men enn så lenge ligg trimboka inne i hytta. 

Skriv namnet ditt, og ver med i trekninga av fine gåvekort.

God tur!

Utmerkingar for framifrå idrettsprestasjonar

Satsing, tålmod og trening gir resultat

Suldal idrettslag har gjennom konkurransesesongen 2022/2023 hatt mykje god aktivitet der fleire utøvarar har vist gode prestasjonar. To utøvarar har prestert på eit nivå som kvalifiserer til ei ekstra utmerking i årsmøtet, og det vart ekstra trukke fram at dei to er med på å skape godt miljø, samhald og lag i skigruppa frå dei yngste til dei eldste.

Øyvind Røgenes får si tildeling grunna krinsmeister 2022, men prestasjonane hans i langløp står vel så høgt. Han har nå trappa ned treningsomfanget, men den avtroppande gruppeleiaren for ski, Per Even Tjøstheim, trakk fram at: ja, han har gått fort på ski i år etter år, men samstundes har han teke seg tid til å vera med på treningar og samlingar for dei yngre. Dette vert lagt merke til, og har gitt merkbare positive ringverknadar i skigruppa.

Simon Bakka er «up and comming» og vart i tillegg til dobbelt krinsmeister 2023, vinnar av krinscupen i Agder og Rogaland skikreins 2022/2023. I cupen inngår totalt seks skirenn, og dei fire beste resultata vert teljande.

Dei to karane fekk sine utmerkingar i årsmøtet i går.

Simon Bakka

Årsmøtet grunngir tildelinga med at Simon Bakka vart dobbel krinsmeister (KM) i Rogaland og Agder skikrets i klassisk distanse og sprint fristil (G13).

Øyvind Røgenes

Årsmøtet grunngir tildelinga med at Øyvind Røgenes vart krinsmeister (KM) i Rogaland og Agder skikrets i 15km klassisk, Menn senior.

Medlemskontingent for 2022!

Faktura for medlemskontingent er sendt ut via KlubbAdmin. I eposten ligg det blant anna link til fakturaen og Minidrett. Me har også i år brukt Norges idrettsforbund sitt system KlubbAdmin (til epostadressa di), slik at faktureringa følgjer medlemsregisteret vårt.

I kveld 01.11. vart det sendt ut faktura for betaling av medlemskontingenten, med forfall 15.11.2022. Me håpar alle som er og har vore aktive i 2022 betaler kontingenten.

Oppmodar alle som vil vera medlem om å betala kontingenten, og ved spørsmål ta kontakt med fungerande kasserar Rune Vaage på kasserar@suldal-il.no eller telefon 91 70 85 25. Her finn du informasjon om satsane på medlemskontingenten: https://www.suldal-il.no/?page_id=5347

Er du eller ungane dine med på aktiviteter i regi av Suldal IL, men har ikkje motteke varsel om faktura via epost: då ber me om at du tek kontakt slik at me får oppdatert kontaktinformasjonen og medlemslistene våre.

Ved betaling av medlemskontingent trer ulykkesforsikringa i kraft, slik at du er registert når du deltek på aktivitertar.

Ønskjer du å melde deg ut av idrettslaget gjer du det ved å senda epost til kasserar@suldal-il.no

Antal betalande medlemmer dannar også grunnlaget for tilskot til laget.

Ditt medlemskap er viktig!

Jubileumsgåve frå Statkraft – besøk i Hylen kraftstasjon

Jubileumsgåva frå Statkraft blei 5. oktober ein sosial og kunnskapsgivande ettermiddag med god variasjon i aldersspenn på dei frammøtte.

Statkraft spanderte pizza og utfordra oss med quiz etter endt presentasjon rundt drifta si og Suldal sin vasskraft posisjon både nasjonal og i internasjonal målestokk.

🥇To lag klarte full pott på quizen🥇

 

Team Tjøstheim (Ella, Vilde, Svein, Aksel, Per Even og Turi) .

Team Rein energi (Geir Bjarte, Tora, Gunvor, Jens, Sven Hoftun, Mari)

 

Begge laga kom òg opp med kreative slagord.

Team Tjøstheim:

Vatn e tingen

Suldal e kingen

Kingen e vatn

Nå er det berre å halde på hatten

Yo!

 

Team Rein energi:

Suldal=rein energi

Frå vatn til straum

Gir livet i Suldal til ein draum

 

Gratulerar til vinnarlaga!

Takk for oss, Statkraft!

Invitasjon til alle medlemmer i Suldal IL – Hylen kraftstasjon

Invitasjon til alle medlemmer i Suldal IL

Statkraft inviterer til besøk i Hylen kraftstasjon onsdag 5/10-22.

Program:

17:00     Oppmøte Statkraft, Prestavika. Servering av pizza m/ drikke. Litt Informasjon frå Statkraft.

18:00     Avreise med buss til Hylen. Omvising i Hylen kraftstasjon.

19:30     Forventa tilbake i Prestavika (seinast kl. 20:00).

 

Påmelding til Hege H. Steine, på messenger eller sms til 922 84 585.

Begrensa med plassar. maks 50 pers.

Påmeldingsfrist: fredag 30/9-22

Vel møtt!