Suldalsrennet 2018

Ein fantastisk dag ved Mosvatnet i dag der over 90 skiløperar stillte til start i Suldalsrennet. Den største, og kanskje ivrigaste gruppa, var nok dei under 8 år som stillte til felesstart. Her er det virkelig mange talenter på gong. Innsatsen var ikkje mindre i dei eldre klassane heller, og under finn du resultatlista.

(meir…)

Velkommen til Suldalsrennet laurdag 3 februar

Suldalsrennet i fristil går i lysløypa på Gullingen laurdag 3. februar kl. 13.00.

Gutar og jenter under 8 år har fellesstart kl. 12.30

Løypelengder:

Gutar og jenter under 8 år (tom. 1. klasse) 500 m på stadion

Gutar og jenter 8, 9 og 10 år 1km

Gutar og jenter 11 og 12 år 2km

Gutar og jenter 13 og 14 år 3km

Gutar og jenter 15 og 16år, kvinner junior og senior 5 km

Menn junior og senior 10 km

Kiosk og garderobar i Gullinghuset! Parkering kr. 50,-.

I tråd med skikretsen og skiforbundet sine retningslinjer oppfordrer Suldal IL til å unngå all fluorholdig skismurning på rennet. Dette gjelder alle klasser.

Påmelding gjennom “min idrett” eller til ski@suldal-il.no innan 1. feb. med namn, alder og klubb. Info: www.suldal-il.no Barn under 8 år melder seg på i sekretariatet innan kl 12.00 renndagen og dei betalar ingen startkontigent

 

Vel møtt til ein triveleg skidag – helsing Suldal IL ski

Bestilling og prøving av skidressar

DSC03015I år som i fjor vil skigruppa leggja til rette for kjøp av skidressar.

Tysdag 1.november kl 19-20 vil det bli høve til å prøva og bestilla skidressar i foajèen på Samfunnshuset.

Me har dei fleste storleikane til prøving.

 

Idrettslaget vil vera med å sponsa dressane. Dressane er like dei me bestilte til førre sesong.

 

Medlemspris:
Dressar (jakke,buksa) barn                kr.    798,-
Dressar (jakke,buksa) vaksne            kr.  1098,-
Bestillingane må vera oss i hende innan torsdag 3.november.

Ta kontakt med Arne S. Mehus 48891669 om du lurer på noko.

 

NB! Er det nokon som ønskjer å byta/selja/gi vekk skidressar dei har, så kan det vere noko å tenkje på til denne kvelden.

 

Stor gjeng frå Suldal IL på KM rulleski

km-rs-2016-2Årets KM Rulleski vart arrangert i den nye rulleskiløypa på Hovden forrige helg. Suldal IL stilte med ein stor tropp og syntes godt både i løypa og på sigerspallen.

Suldal IL sine hovudsponsorar bør være godt nøgd med eksponeringa denne helga. Kor enn du snudde deg såg du Suldal IL sin svarte overtrekksdress med fargerike sponsormerke. Med heile 13 unge utøvarar på startstreken og tilhørande «støtteapparat» var vi ein av dei aller største klubbane på arrangementet. (meir…)