G15 Suldal – Bremnes 6-5 (5-2)

IMG_20160602_194125257_HDRSpennende og jamn kamp i kveld i Prestavikjo da Suldalsgutane møtte tabelltoppen Bremnes. Bremnes starta klart best med godt pasningsspel og fekk inn første målet få minutter etter kampstart. Heldigvis vakna suldalspelerane til etter kvart og begynte å spele ball dei og. Mykje godt spel på midtbana og flotte framspel til spissane gjorde at Suldal kunne gå til pause med ein 5-2 ledelse. I andre omgang kom Bremnes sterkt tilbake og klarte å utlikne til 5-5. Suldalsgutane gav imidlertid aldri opp og når Bremnes lot Tobias gå aleine over halve bana takker han med ein fin pasning til Magnus som putter 6-5 målet. Siste minutta av kampen vart svært spennande, men med god jobbing i heile laget klarte vi å hale i land seieren. Siste kamp i vårsesongen er neste torsdag borte mot Sveio.

Mål i dag: Magnus 4, Mohammed 1 og Håvard 1

G15 Suldal-Ølen 5-0 (4-0)

IMG_20160524_201329631Flott kamp av G15 laget i Prestavikjo i strålande vær. Ikkje strålande spel heile vegen, men vilja til å jobbe var der i heile laget. Det gav uttelling og vi fekk ein 5-0 seier over Ølen. Det er to kamper igjen i vårsesonen for Suldalsgutane, neste kamp er heime mot tabelltopp Bremnes neste torsdag.

Mål i dag: Magnus 3, Håvard 1 og Jonas 1

Hamrabørennet 2016

IMG_20160313_125745161Flott oppmøte, spesiellt av dei yngre, på årets Hamrabørenn. Mange av dei vaksne mimra om Svinstølrennet som var før og meinte det var på sin plass med eit nytt renn. Sjølv om tåka lå litt nedpå kosa både vaksne og unge seg med medbrakt mat mens dei venta på premieutdelinga. Rennet var eit sammarbeid mellom Hamrabø skiløyper og Suldal IL som vi håper vi kan få til fleire gonger. Under finn du resultatlister for dagen.

Resultatliste Hamrabørennet 2016

Resultat frå 4. skikarusell

4 skikarusell 2014Da er skikarusellen 2016 gjennomført. 127  har gått i aspirant/trimklassen og 145 har vert innom i tidtakarklassane. Fine premiar til alle som har gjennomført 2 av 3 renn. Det var sett opp 4 karusellar men den første måtte avlysast pga snømangel.

Ein ekstra takk til alle dei som har stillt opp på dugnad både ute og inne. Under finn du resultatliste frå kveldens renn (resultat3) og sammenlagt resultatliste.

resultat3

Sammenlagt Skikarusell 2016