J15 på landskamp

J15 på landskamp: Norge – Kroatia.

Klokka 14:30 på tysdag sette me kursen mot Stavanger og Sr-Bank arena. Me var 20 stykk som var spente på å sjå kvinnelandslaget i aksjon mot Kroatia. Fire dagar i forvegen hadde nordmennene slått Kroatia 3-0 på bortebane. Så me var ein optimistisk gjeng som reiste på kamp. 

Tekst og bilde: Ina Horvei Fisketjøn.

Me kom til stadion i god tid før kampstart. I mens me venta på at alle skulle ankomme stadion søkte me ly for regnet under det lille som var av tak før me tok turen inn. Det var fleire stjerner som starta for Norge, men også eit par etterlengta som me gjerne skulle få sett som ikkje var med i troppen. Caroline Graham Hansen og Ada Hegeberg var to av dei. Barcelona spelaren Ingrid Syrstad Engen var heilt klart den største stjerna som starta.

(meir…)

Suldalsløparar imponerte i Holmenkollen

Suldølane viste godt igjen på resultatlista i Ungdommens Holmenkollrenn denne helga. Simon Bakka tikka inn idrettslagets beste resultat med ein imponerande 9.plass i det klassiske løpet på laurdagen. 

Read more: Suldalsløparar imponerte i Holmenkollen
Suldalsløparane som konkurrerte i Holmenkollen hadde nokre flotte dagar! F. V Serina Litlehamar KJetilstad, Hanna Lunde Hoftun, Agathe Lunde, Gaute Gjuvsland, Aksel Sukka Mehus og Simon Bakka. (Foto: Helen Moen Gjuvsland)
(meir…)

Klede Suldal IL 2024

Det er tid for ny runde med bestilling av klede. Frist 1. februar!

Klikk deg inn på Kolleksjon UMBRO Suldal IL 2024 og finn ut kva du ønskjer og kva storleik du treng. Lenkjene i lista skal fungera, slik at ein kan klikka seg inn og lesa meir om plagga.

Her finn både dei som soknar til Suldal IL og dei som er med på Suldalsgutane- og jentene sine klede.

Me ser at Core-serien for tida har rabatterte prisar. Usikre pr dags dato på om Suldal IL får dei prisane eller ikkje. Får me kjøpa inn til nedsett pris, justerer me prisane når me sender ut faktura. Me må halda oss til avtalar her.

Send bestilling på e-post til fotball@suldal-il.no innan 1. februar.

Skihelga 19.-21.januar

Suldalsrennet 2024

Omtrent samtlege av Suldal IL sine skiløparar har vore i aksjon i helga. Det store arrangementet for klubben har vore Suldalsrennet, som me sjølve var arrangør av. Her var det 127 deltakarar frå heile Rogaland. For 13- og 14-åringane var rennet ein del av kretscupen. Suldal IL hadde 45 løparar til start, og mange gode dugnadsfolk både inne på Gullinghuset, i løypa og på stadion. 

Suldalsposten skriv om Suldalsrennet: 

https://www.suldalsposten.no/sport/skigleda-trumfa-tunge-snofiller-og-klabbefore-pa-suldalsrennet/?fbclid=IwAR2fvYLMxxYgr2i8fA_rsgNW4d6IHAmrSPpRp1SG-ot_M-bTfep9ThKqLGI

 Resultaltliste: https://www.suldal-il.no/?p=21242

 

Saudasprinten

Saudasprinten i Slettedalen har tradisjonelt sett hatt mange løparar med frå Suldal. I dag sette vêr- og føremelding på vegane ein stoppar for den store deltakinga frå Suldal IL. Kun familien Gjuvsland med Edel, Jone og Gaute stilte på renn i Sauda i dag.

Helen Moen Gjuvsland referer frå rennet:

Søndag sala nokre suldøler opp, det enda med kun ein familie, og reiste til Sauda for å gå Saudasprinten. Saudasprinten i Slettedalen er eit kjekt skirenn, som i år vart arrangert i klassisk stil. Det vart ein del fråfall til rennet då reisa langs fjorden var prega av glatte vegar og nedbør i både fast og flytandes form. Vêr og glatte vegar var nok skuld i at fleire valde å vara heime denne søndagen.
I Slettedalen var det 0-føre og snøvêr, som såleis gjorde skismurninga
til ei utfordrande øving.
Edel Gjuvsland stilte til start i J8 klassen og gjekk eit renn ho var strålande nøgd med.
Jone Gjuvsland gjekk eit solid renn i G12 klassen, der dei går 2km, og vann sin klasse.
I G14 klassen, på 3 km, stilte Gaute Gjuvsland til start. Han kjempa på det han kunne, og kom inn til ein god 2.plass.
Ein kjekk og trivelig konkurransedag i snøvêret i Slettedalen.
Me får håpa for arrangørane i Slettedalen at det vert fleire tilreisande deltakarar neste år.

 

Resultatliste på https://live.eqtiming.com/70486#result

 

Norgescup junior – Lygna

Dei eldste juniorane i idrettslaget har i helga målt krefter mot jamngamle frå heile landet i norgescuprenn på Lygna.  Mathea Vik stiller i klasse K17 og Thomas Bakka i klasse M17. Det starta med sprintrenn på fredag. Laurdag venta 10 km fristil på Mathea og 15 km fristil på Thomas. I dag, søndag har Mathea gått 5 km klassisk, og Thomas 7,5 km klassisk. Begge to er elevar ved Hovden Skigymnas og reiser i lag med teamet frå skulen.

Sverre Vik refererer frå helga:

Denne helga var Suldal il representert med 2 utøverar i norgescupen for jr. Thomas og Mathea reiste saman med klassekameratar og venner frå Hovden skigymnas til Lygna skisenter på Hadeland. Heile 800 hardtsatsande skiungdommar frå heile landet mellom 16 og 20 år var på start. Flotte forhold på Lygna. Kald ,trå snø på fredagen og laurdagen. Søndag blei litt sur med snø og vind.

På programmet denne helga var sprint fristil, distanserenn fristil, 10 km kvinner/ 15 km menn og distanserenn 5/ 7.5 km klassisk. Dei 50 beste i kvar klasse tek norgescup poeng. Thomas var ikkje heilt nøgd med fristilrenna sine, han havna rett bak å ta poeng. Men på søndagens klassisk renn klinka han til og gjekk inn til ein svært sterk 22 plass.              Mathea gjekk ein god prolog nr 29 og gjekk vidare til kvartfinalen på sprinten , men rauk ut der og fekk ikkje gå semifinalen . På distanserenna vart plaseringane 31 og 43. Dermed samla begge seg mange poeng, Mathea 46 og Thomas 38. Dette var første norgescuphelg av 4, neste er i Granåsen 16-18 feb. Gratulera til søsjabadn Malena Sirekrok som imponerte stort og gjekk heilt til topps i sin klasse 18 år.

 Resultat frå helgas Norgescup junior: https://www.skiforbundet.no/arrangement/2023-2024/24nclygna/equinor-nc-junior/startlister-og-resultater/?fbclid=IwAR2W5yYNKipFzQ75_os83mnRtJI4csDxMTwKHAAcjTa-MaIhpHR2GKpnwWE

Sandriprennet 2024 og Vindbjartmixen

Førre helg: 13.-14 januar gjekk Sandriprennet 2024 og Vindbjartmixen KM sprint stafett av stabelen på Sandrip. Me har fått dette referatet frå den helga: Brørne Thomas, Daniel og Simon Bakka stilte alle tre til start på Sandriprennet. Rennet gjekk i klassisk stil i flotte forhold, temperaturen låg rundt 2-3 pluss.Temperatur omslaget frå dagen før med minus 10, førte til at blå extra måtte vike til fordel for klisteret. Thomas og Simon sikra seg ein første plass denne dagen, og Daniel ein 6.plass. Alle 3 godt nøgde med eigne prestasjoner denne dagen, skismørjaren fekk også godkjent for skia. Idag var det KM sprintstafett skøyting, Simon og Daniel gjekk isaman i gutar 15-16 årsklasse. Dette gjekk godt for Suldalslaget som kom inn på ein god 6.plass.