Treningstider gymsal, og info om gjennopning av breiddeidrett
Vinjar gymsal har opna for trening, men det er ein del begrensingar på bruken.
Treningstidene ser de her: Treningstider gymsalen Vinjar skule haust 2020
Dei som er ansvarlege for treningane har også ansvar og informasjon om kva reglar som gjeld for bruk av gymsalen. For barn og ungdom gjeld restriksjonane kva utstyr ein har lov til å bruka. Idrettslaget og andre brukarar på ettermiddagstid må bruka eige utstyr. Skulen sitt utstyr har me ikkje lov til å bruka.
For vaksne gjeld generell 1-metersregel. Ein kan altså ikkje vera nærare kvarandre enn 1 meter til ei kvar tid. Dette gjer at tradisjonell fotball og innebandy ikkje er lov for personar over 20 år. Unntaket er kvinner senior ned til og med 4. divisjon. Dersom damelaget ønskjer å ha trening, så får dei altså lov til å trena fotball. Dette kan gjerne høyrast uforståeleg ut, men her er årsaka: (meir…)
Treningstider Prestavikjo fram til skulestart
Det blir litt endring i treningstidene framover, i første omgang til august.
Årsmøte Suldal IL
Suldal idrettslag kallar inn til årsmøte i gymsalen på Vinjar skule den 19.mai 2020 klokka 19.00.
Saker:
· Vanlege årsmøtesaker
· Snøproduksjonsanlegg lysløpa
Saker og saksdokument er tilgjengeleg på www.suldal-il.no.
På grunn av corona-situasjonen bed me alle følgje myndighetene sine råd i høve til smittespreiing. Me bed også om skriftleg påmelding til årsmøte til leiar@suldal-il.no innan 15.mai. Skulle deltakartalet overstige dei grensene myndighetene set, vil me gjennomføre årsmøtet digitalt.
Sakspapir
Styret
Ballbinge stengt, ikkje folk frå ulike husstandar/familiar i Prestavikjo
Ballbinge stengt! Sjå melding frå einingsleiar ved Vinjar skule under.
Suldal IL – fotballgruppa vil også informera om at det ikkje skal samlast personar frå fleire familiar/husstandar på banen i Prestavikjo. Barn, ungdom eller vaksne kan altså ikkje møtast for å spela fotball.
Vennleg helsing Jon
Til alle elevar og føresette!
Eg har i kveld fått melding frå kriseleiinga om at me med bakgrunn i smittevern og koronasituasjonen skal stenga ballbinga frå i morgon av. Det vert hengt opp skilt i morgon.
Me oppmodar samstundes om å følgja FHI sine tilrådingar om minst mogleg samlinger av folk. Sjå deira nettside for meir informasjon.
Mvh Kristine/einingsleiar
Suldal IL fotball og ski stoppar all trening og kamp ut april
NFF (Norges fotballforbund) og Norges skiforbund har gått ut og avlyst all form for breiddefotball og breiddeski ut april.
Det betyr at det ikkje blir organisert trening eller kamp for nokre av fotball-laga til Suldal IL, verken aldersbestemt, senior herrer/damer eller Suldalsgutane- og jentene. Dette gjeld frå i dag 12. mars og ut april månad inntil noko anna blir opplyst om.
Som alle veit, er dette av preventive hensyn og ein del i den nasjonale dugnaden for å avgrensa spreiinga av koronaviruset. Det er inga grunn til å hausa opp dette for ungane, men bli med dei ut i hagen, på leikeplassen og gardstunet og spark fotball med dei! Bruk det naturlege treningsrommet. Bruk den flotte heia vår til vårskiturar. Så håpar me at me samlast igjen på fotballbanen i mai med kriblande bein!