6. div: Suldal – Hjelmeland 3-1 (2-0)

Lokaloppgjer og botnkamp er stikkorda for denne kampen!

Både Hjelmeland og Suldal har hatt dårleg utteljing i vår. Begge lag føler dei har hatt gode sjansar til å henta poeng i fleire av kampane så langt, men har ikkje vore dyktige nok i dei avgjerande fasane av spelet. Hjelmeland hadde smultring i poengkolonna før kampen, og Suldal sine tre poeng var gratispoeng sidan Siddis 2 ikkje møtte til kamp. Så det var i alle fall sikkert at minst eitt av laga ville få utteljing i dag. Det er klart at alle kjende på at det var viktig å vinna denne kampen, men det kan vera greitt å tenkja på at ordet «viktig» ikkje er så viktig i fotball i 6. divisjon i Noreg samanlikna med andre område i livet og i verda. Les meir…

6 div avd 3: FGI 2 3-1 Suldal

Nok ein bortekamp, nok et 3-1 tap, Forskjellen fråd ei andre kampane var at dette var eit særs ufortjent resultat der Suldal burde putta 4-5 og 6 mål. Likevel deles det ikkje stilpoeng i fotball, så om ein hverken klarer å tette igjen bak, eller sette sjansene våre vil det bli som det vart denne fredagen. Les meir…

6 div avd 3: Vaulen 2 3-1 Suldal

Fredag 19 mai var me klare for nok ein tøff bortekamp i Stavanger. Denne gongen gjekk turen til Vaulen for å møte dei orange veteranane til dyst om poeng. Les meir…

6. div: Suldal – Tasta 2 1-2 (0-2)

Første heimekamp for sesongen skulle bli ei steikande heit førestilling.

Ikkje først og fremst på grunn av det som gjekk føre seg av spel og spenning på banen, men mest på grunn av den steikande heita som plutseleg kom, og så forsvann i løpet av ei strålande langhelg. Temperaturen var oppe i 28 grader fleire stadar i dalen denne dagen, og Prestavikjo er nok ein av dei varmare stadane ein kan vera når sola står på og vinden er fråverande. Det vart derfor ein skikkeleg kraftprøve for Suldal og Tasta 2.  Les meir…

6 div avd 3: Storhaug 3-1 Suldal

Me skulle komme til mai før Suldal sine lovande i gult og svart skulle få sin første kamp for sesongen. Etter at Siddis 2 ikkje kunne stille til kamp i april, vart det Storhaug i Stavanger som vart ilddåpen. Les meir…

AVLYST: A-lagskamp mot Siddis 2

Den første seriekampen til Suldal IL sitt a-lag er avlyst.

For andre helg på rad kunne ikkje Siddis 2 stilla mannskap, dermed vinn Suldal kampen 3-0 på walk over.

Dermed blir første seriekamp denne sesongen 12. mai borte mot ein av seriefavorittane; Storhaug IL. Så blir det ny bortekamp helga etter mot Vaulen 2.

Første heimekamp blir ikkje før 27. mai, når Tasta 2 kjem på besøk.

Kioskopning!

Måndag 24/4 blir det første kampdag med kiosksal i Prestavikjo når det er klart for svært lokalt oppgjer i G13-serien: Suldal 1 møter Suldal 2 kl 17.00.

Økonomigruppa i Suldal IL har rydda og vaska og kjem til å halda kiosken open på mange av kampdagane denne sesongen. Det kjem til å vera ope alle torsdagane det er Suldalsserie, og alle heimekampane til a-laget på laurdagar. I tillegg blir det ope enkelte av dei andre dagane når kretslaga spelar kamp, slik at alle laga i alle fall får eit par kampar med kiosksal. Etter kvart må me vel og få til litt musikk frå høgtalarane…

Det blir enkel, men praktisk servering, så ta med vekslepengar! Godt besøk i kiosken gjer det enklare å halde ope. Og stor takk på førehand til alle som kjem til å bidra med dugnadstimar! Me håpar dette skaper ei god stemning i Prestavikjo rundt kampane til born, ungdom og vaksne.

Klikk på Kioskdagar i Prestavikjo for og sjå når det er planlagt open kiosk. Dokumentet ligg fast i menyen til høgre.

Treningskamp: Suldal 4-3 POL

Etter at treningskampen mot Etne vart avlyst var det fint for oss at POL var i Suldal på treningshelg og kunne stille på kort varsel.

Sytten karar i alle aldrer satt i garderoben å fulgte godt med på dagens taktikk ein time før kampstart. Dagens coatch, Tor Olav ønska tempo når me vann ball og mykje bevegelse i alle ledd. Me skulle trø til frå start for å få ein god start og sette oss i respekt. At desse orda sette seg hjå spelarane skulle me få bevis på frå første spark på ballen.

Dommar i første omgang, Svein Øystein bles i gong kampen presis klokka 12.00. Akkurat like presist skulle suldalsgutane angripe eit POL lag på treningssamling. Flotte bevegelser og gode pasninger prega heimelaget, som har vist prov på mykje god fotball i vår. Les meir…

Fotballsesongen 2017 – oversikt

Det blir rekordaktivitet for fotballgruppa i Suldal IL i år. Då treng me å ha litt kontroll.

I år skal me ha plass til trening og kamp for heile ni lag i Prestavikjo. Det er miniknott, knott og lilleputt i Suldalsserien, og G13-1, G13-2, G14, G15, J16 og A-laget i Rogaland fotballkrets sine seriar. I tillegg har me eit 10. lag, Suldal 7’ar – senior, men dei spelar alle kampane sine i Stavanger.

Dette gjer at det blir god aktivitet på banen, og at me treng oversikt. Nå er det fleire måtar ein kan få det på. I menyen til høgre finn ein overskrifta Fotballkalender. Her kan ein inn og finna «live» oversikt frå dag til dag.

Les meir…

Dommarkurs

Arve Fløysvik frå Rogaland Fotballkrets kjem og har dommarkurs.

Det blir dommarkurs i Prestavikjo torsdag 30/3 kl 19.30 med Arne Fløysvik.
 
Ope for alle frå og med 9. klasse som er interesserte i å læra om korleis ein dommar tenkjer. Trenarar, a-lagsspelarar, ungdomsspelarar, føresette, oppmenn, pensjonistar, kort og godt; fotballinteresserte!
 
Me har ein flott aktivitet i fotballgruppa, men mange lag, og dermed får me eit stort antal krestlagskampar i Prestavikjo denne sesongen. Ser ut til at det kan bli 30-40 kampar, noko som er svært kjekt! Desse kampane må me halda dommarar til sjølv, og det er for mykje for 2-3 personar. Me er derfor avhengige av fleire som kan ta eit tak her.
 
Gi ei melding til fotball@suldal-il.no eller på dei facebookgruppene som denne invitasjonen er lagt ut på.

Treningskamp: Tasta 2 – Suldal 1-4 (0-1)

Laget mot Tasta 2: Framme frå venstre: Isak Berge Espe, Ørjan Underbakke, Daniel Berge Espe, Jone Odden. Bak frå venstre: Arne Vatland, Isak Berge Espe, Jone Gjertsen, Tore B. Søraas, Sigvart Vårvik, Bjørn M. Steine, Tor Olav Berge. Erik Vaage, Sven Kolstø og Sindre M. Steine var og med.

Den første treningskampen i år gjekk mot Tasta 2 på Stemmen i Stavanger. Den gjekk godt!

Det kan godt henda at heimelaget ikkje stilte med fullt lag, likevel må me seia oss godt nøgde både med resultat og mykje av prestasjonane i denne kampen. Det var Suldal som førte det meste av kampen og hadde ballen meste. Tasta 2 slapp likevel til nokre gonger, så det var fortent at dei fekk mål dei og.

Alle lagdelane gjennomførte for det aller meste det som lagleiar Tor Olav Berge hadde snakka om i forkant. I mål hadde me keepertrenaren Arne Vatland som ved eit par høve viste lynrask reaksjon og var nede og avverga målsjansar. Forsvaret haldt god kontakt med kvarandre og med lagdelen framføre seg. Les meir…

Det snøar i Prestavikjo!

Det lavar ned med tung snø, og ein del av denne treffer sjølvsagt banen vår.

For det første er brøytaren på ferie, og for det andre så er snøen i tyngste laget for ATV’en. Banen blir derfor ikkje forsøkt brøyta før tidlegast måndag.  Les meir…

Oppdatering av spelarlista for a-laget 1977->

Klikk på bildet for betre oversikt og namn på spelarar. Takk til Tor Kåre Fisketjøn for foto.

Spelarstatistikken for Suldal a-lag skal nå vera up-to-date.

Sist lista over spelarar med offisielle kampar for Suldal IL sine seniorlag vart oppdatert, var etter 2013-sesongen. Sidan den gong har 22 nye spelarar debutert for Suldal sitt a-lag i 6. divisjon, eller for Suldal 2 sitt 7’er-lag i Stavanger. Dermed er me oppe i heile 220 spelarar som har aksla suldalstrøya frå oppstarten i 1977 og fram til og med 2016-sesongen. Les meir…

Jone har skåra flest mål sidan 2009

Flest mål sidan 2009!

Jone Utbjoa har framleis den farlegaste skåringsfoten i Suldal IL!
Frå og med 2011-sesongen har han putta jamnt med mål, og er nå oppe i 42 mål totalt. Ryk 50-grensa i år? Bak seg har han Hallvard Erfjord og Tore Bendiksen Søraas med 36 mål. Les meir…

Ingve toppar adelskalenderen 2009->

Ingve før sin 101. a-lagskamp på førstelaget.

Etter siste oppdatering har nå Ingve Berge blitt første og førebels einaste spelar med over 100 kampar for a-laget etter 2009.

Fram til i år er det broder Tor Olav som har vore på toppen av denne lista, men må nå sjå seg slått av litlebror, i tillegg til Jone Utbjoa. Jone nærmar seg jubileum, han har 95 kampar før 2017-sesongen tek til. Er det andre som greier å runda den magiske grensa i år? Les meir…