6 div avd 3 Madla 3 8-2 Suldal

Endelig klart for lokalfotball og dette gjeld også for Suldal. For dei som har sett på terminlista kan ein sjå at det er to lag Suldal ikkje møtte på vårsesongen, og Madla C er eitt av desse. Dei bråkledde frå Madla er ei god blanding med tidlegare stjerner frå andre, tredje og fjerde divisjon, ispedd gode spelerar frå femte divisjon. Dei rykka opp før denne sesongen etter å ha putta over 120 mål i 7 divisjon i 2022 sesongen.

(meir…)

6. div: Suldal – Fiskå 1-2 (0-0)

Siste kamp før sommarferien, nok ein gong i flott og varmt vêr. Skulle me endeleg slå Fiskå?

Svaret er nei, men det var ikkje langt i frå denne gongen heller. Det er andre sesongen Suldal spelar mot det relativt nystarta laget, og nå har det vore fire jamne kampar der Suldal absolutt er minst like gode til å spela fotball, men der Fiskå er best til å avgjera kampar.

Første omgang var svært lovande. Suldal spelte godt, haldt ballen i laget og hadde fine kombinasjonar. Nokre halvsjansar kom laget til også, både Tore Bendiksen Søraas og Rene Adjemi som begge var tilbake etter pause sist kamp, hadde sjansar som kunne blitt mål. Omgangen enda mållaust, men absolutt med ei tru på at dette kunne gå.

Noko som kanskje faktisk var mål var kanonskotet til Tore frå 20 meter i andre omgang. Den hadde retning mot lengste kryss, smalt i tverrliggaren og dabba ned. Det er vel ingen som eigentleg kan seia 100% sikkert kor den dabba, om den var inne i mål, på linja eller utanfor. Dommaren såg i alle fall ikkje ballen over streken, og me blei snytt for noko som fort kunne vore årets mål.

(meir…)

6. div: Suldal – Hjelmeland

Eit bilde frå då Isak Berekvam Steine blei seriemeister med Nesflaten IL. Han er blitt nokre år eldre nå…. Foto: Suldalsposten

Etter lang tid var det endeleg klart for ny a-lagskamp på heimebane. Hjelmeland var me ganske sikre på kom til å stilla.

Prestavikjo dirra av varme, så det vart nok ein utmattande kamp for spelarane på begge lag. Suldal prøvde å spela, men lukkast berre til tider, det vart tungt å ta dei naudsynte løpa, og utover i kampen vart det nok prøvd litt for mykje på lange ballar som kom i retur frå eit meir og meir baktungt Hjelmelandslag. Til pause stod det framleis 0-0.

Hjelmeland varta ikkje opp med så mykje, det såg ut til at dei kom for å få eitt poeng. Det skaffa dei seg ved ei kontring der både forsvar og keeperen vår blei tatt på senga to minutt etter pause. Jone Utbjoa hadde nettopp avslutta like utanfor mål. Hjelmeland slo langt, ballen dabba over vår bakerste forsvarar. Hjelmeland sin spiss, som ein må seia verka ganske kvass, fekk ballen, lobba over vår utrusande keeper og sette ballen sikkert i tomt mål.

(meir…)

6. div: Sørmarkå – Suldal 0-2 (0-1)

Knakande god kamp av Rene i dag!

Endeleg kamp for a-laget igjen etter over ein månad pause.

To heimekampar i den beste tida på året for fotball har gått fløyten på grunn av bortelag som ikkje har møtt. Då var det deileg å endeleg få ta på seg drakten og krangla litt med ein motstandard.

Ein kan gjerne seia det var greit at det var bortekamp denne dagen. I Suldal var det opp mot 25 grader og nesten kvelande varmt på kunstgraset i Prestavikjo. På turen utover til Våganes stadion på Sola trega underteikna på at han ikkje hadde pakka jakke… Sola skein nå likevel, og det var såpass at dommaren arrangerte drikkepausar i midten av kvar omgang.

(meir…)

6. div avd 3: Suldal – Paradis 2-1 (1-1)

Sol og vind i Prestavikjo i dag, og eit heimelag kledd i svart for høvet.

Gjestene frå Paradis satsa på at raude vestar skulle vera godt nok som bortedrakt, for å dekka over dei Newton Heat-inspirerte grøne og gule draktene sine. Suldalsspelarane var lite begeistra for dette, for det gule som viser på ermane blir for likt vår eigen farge. Derfor altså svart og bortedrakter på oss i dag.

Paradis kom frå vaktoppdrag i Kongeparken tidlegare i helga, men dei verka ikkje særleg trøyte. Gjennom heile kampen gav dei Suldal god motstand. Det var dei som hadde presset både dei første og siste minutta av kampen. Det i mellom var heldigvis Suldal det laget som alt i alt var best, og burde nok ha skåra eit mål og to slik at spenniniga ikkje varte heilt til kampslutt.

(meir…)

6. div avd 3: Suldal – Sunde 2 9-0 (2-0)

Årets første heimekamp, og referat av nysigneringa Sveinung Nessa:

Me er ein seint i april – sola skin, bjørka sprett og endeleg var det duka for første heimekamp. Skitlukta ligg som eit teppe innover dalen og gjødselvognene går i skytteltrafikk forbi Prestavikjo med møk.

Det er berre så vidt Torjus, som også er ute i same ærend på formiddagen, klarar å rive seg laus og stille til kamp. Med han og resten av Suldalsgjengen på plass, er alle klare når klokka tikkar mot tretten, og innstilte på å starte poengsankinga for i år. Litt glissent med tilskodarar, men det får fotballeiaren ta på sin kappe, som har sendt alle fotballinteresserte i bygda på cup i Sauda.

(meir…)