Anette + Jon = sant

mobilbilder 355

Laurdag 23. mars gifta Anette og Jon seg i Randaberg kyrkje. Det var Atle Moe som vigde paret. Festen haldt fram med familie og vener på Ørnabergtunet.

Suldal IL ønskjer dei nygifte hell og lukke på livets landeveg. Gratulerer!!!

 

Treningskamp: Sauda 3-3 Suldal. Laurdag 16 mars

sauda

På ei strålande og grøn kunstgrasmatte skulle to naboklubbar kjempa for æra denne vindfulle laurdagen i Sauda. For oss ville dette bli ein god test og ein liten peikepinn på korleis me ligg i løypa med tanke på ny sesong i 5 divisjon.

Det er ein divisjon mellom Sauda og Suldal. Der Sauda kjemp seg til ein grei posisjon i 4 divisjon, havna me i botn i 5 divisjon i sesongen 2012. I første omgang viste me at me absolutt har noko på gong. Me pressa Sauda godt og gjekk inn i taklingar og duellar som det lukta svidd. Etter 20 til 25 min leda me også 2-0 etter to mål frå den heimvendte son og årets kaptein, Tore Bendiksen Søraas. (meir…)

Inge blei far i går!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I går blei Inge Lunde far for første gong.

Vesle Aurora kom til verda om føremiddagen den 6. mars, og alt skal stå bra til med mor og barn.

Me reknar med at Inge kjem til å halde ei trygg hand rundt veslejenta, sidan han er målvakt og vart kåra til årets  spelar på Suldal 2 i sist sesong. Noko av det første jenta kjem til å lære seg, er nok å ta hyss!

Suldal IL gratulerer!

A-lag: Treningskamp Suldal – Hjelmeland 6-1

hjelm

Grunna mykje snø i Prestavikjo møttes Suldal og Hjelmeland til dyst på Sauda stadion fredag 22 februar.

Hjelmeland er eit av dei laga som rykka ned frå vår pulje i fjorårets 5 divisjon og de ville vera ein passe motstandar for oss i årets første treningskamp.  I spelartroppan til denne kampen hadde me to debutantar i Tim Sparchholz frå Sand og Espen Josdal frå Erfjord. (meir…)

Heimesida gjer klar til ny fotballsesong

Suldal emblem utan bakgrunn

 

Sesongoppkøyringa er i gong, a-laget har hatt si første samling i Suldalshallen. Det er tid for å gjere klart for neste sesong.

Menyen til venstre vil dermed skiftast litt ut på fotballsidene. Det som gjeld sesongen 2012  forsvinn herifrå, men det vil bli å finne ved å klikke på  A-lag – med arkiv i menyen. Her kan ein under Arkiv sesongen 2012lese eit samandrag av sesongen, samt få god oversikt over statistikk og kåringar.

Spelartroppen frå 2012 ligg ute litt til, men naudsynte endringar vil bli gjort fram mot seriestart.

Faste postar blir liggjande som før, slik som skade og statistikk. Aldersbestemt fotball sine sider vil og etterkvar bli bytta ut. Desse vil og bli å finne på arkivsider når dei forsvinn frå menyen.