Førebyggjande tiltak ved koronavirus

Suldal Idrettslag har idag vore i kontakt med kommuneoverlege og smittevernlege i Suldal i samband med koronaviruset. Status per no er at treningar vert gjennomført som normalt, men me vil skjerpa rutiner for handvask før og etter bruk av gymsalen.

Me ber om at ALLE som trenar og oppheld seg i gymsal/foajee vaskar hender etter gjeldande rutine før og etter trening. Det vert og hengt opp plakatar på alle toalett i gymsal/foajee.

handhygiene–handvask-plakat-nynorsk-pdf

 

 

Protokollar frå siste to styremøta

Hei!

Vedlagt ligg protokollar frå dei to siste styremøta i Suldal Idrettslag.

Nyttar høve til å minna om årsmøte i Suldal Idrettslag som vert torsdag 26.mars klokka 19.00. Møtet vert halde på personalrommet på Vinjar skule og er ope for alle.

Protokoll frå styremøte Suldal IL 12.09.19

Protokoll frå styremøte Suldal IL 13.01.20

Bakgrunnsinformasjon – Styremøte 13.01.2020

Lovnorm Suldal IL