For første gong i Suldal IL: A-lag for damer!

Sesongen 2018 blir første gong at Suldal IL stiller med damelag i seniorfotball. Det er ein milepæl me er stolte av!

Jente- og damefotballen har hatt ein oppsving dei siste åra. For to år sidan stilte me med jentelag i Rogaland fotballkrets sin serie. Petter Hoås og Odd Austarå gjorde ein strålande innsats med jentene, og tok dei frå enkelte stortap i første sesong til storsigrar og 2. plass i 2017. Fleire av jentene frå dette laget er nå stamma i seniorlaget me startar opp, saman med mange andre damer frå heile kommunen + Jøsenfjorden. Petter Hoås talde lenge på knappane, men nå er han med for fullt igjen som trenar for laget.

Det var på samlinga Suldal IL hadde for frivillige i klubben i november at tanken om eit seniorlag for damer meldte seg. Tanken var interessant, men me hadde vel ikkje trudd då at me skulle ha lag alt i 2018. Likevel viste det seg at lysta på fotball var stor, og det dukka opp interesserte frå størstedelen av kommunen, og som sagt Jøsenfjorden. Når Petter i tillegg heiv seg rundt og tok på seg trenarjobben, var det berre å melda på lag. (meir…)