Besøk sidan februar 2009

Korleis er skiføret?

Løypekøyraren på Facebook: Klikk her!

Nytt damelag trekker seg

Det er ikkje mykje igjen av divisjonen til damelaget vårt. Nå er det berre to igjen.

Etter at Tjensvoll nå trekker laget sitt, er det berre Brodd og Suldal som skal gjera opp kampen om pulja si. Det er i grunn blitt ein farse, men det kunne verken me eller kretsen vita på førehand. Suldal har slått Brodd to gonger, og har sannsynligvis ein kamp igjen. Rein matematikk skulle seia at Suldal dermed vinn pulja si og skal spela ok kretsmesterskapet mot vinnaren av pulja i frå Dalane/Jæren.

Her er tabellen.

Aktiv i Suldal: J16 – Suldal a-lag damer

J16 og damelaget saman med Claus Lundekvam og Erik Huseklepp.

I høve Aktiv I Suldal-helga på Sand, fekk J16 og damelaget vårt æra av å spela den offisielle opningskampen på den nye kunstgrasbanen ved Sand skule.

Årets sportsprofiler var Erik Huseklepp og Claus Lundekvam, og dei var høvevis kommentator og dommar. Kampen gjekk over 2 x 10 min, og det viste seg at dei gamle er eldst og best. Likevel gjekk jentene frå J16 i duellane slik at det small både her og der. Kjekt og sjå, godt oppmøte rundt banen, og fin reklame for dame- og jentefotballen i kommunen. Her var spelarar frå mange grender i aksjon.

Damer senior 4. div: Suldal – Brodd 2 5-2

Suldalsdamene tar sommarferie på tabelltopp! Nede frå venstre: Kathrine Kroken Lono, Kristina Kvæstad, Åshild Vårvik, Siri Håranes Eide. Oppe frå venstre: Kristine Bøe Berge, Mathilde Nerheim, Lina Baustad Hoås, Silje Lovra, Sofie Helgeland Våge, Siri Svellingen Skogseth, Beate Klungtveit, Stina Tveiten. Framme: Mina Lunde.

Heitt i Prestavikjo!

I steikande sol og 30 grader sikra Suldalsdamene seg tre poeng i historiens første heimekamp.

Ane H. Foldøy

Med høge skuldre var det ein tydeleg nervøs gjeng som sparka i gang historiens første heimekamp i Prestavikjo. Laget frå Stavanger utnytta spenningsnivået, og var raske med å setja ballen i målet til heimelaget. Det var nok akkurat dette som skulle til for å skru Suldalsdamene på. Gradvis tok heimelaget meir og meir styringa i kampen. Til trass for periodar med noko rotete og oppjaga spel, hagla det inn heile fem ballar i motstandarane sitt mål. For målsjansar til heimelaget var det mange av, og det kunne like godt vore det dobbelte som sluttresultat. Like før slutt fekk Brodd eit trøstemål. Les meir…

Damer 4. div: Suldal – Brodd: Bildekavalkade

Flotte bilde frå den første damekampen i Prestavikjo.

Damer senior: Brodd 2 – Suldal 1-2

Strålande fornøgd gjeng! Nede frå venstre: Silje Lovra, Kathrine Kroken Lono, Åshild Vårvik, Siri Håranes Eide, Mina Lunde. Oppe frå venstre: Ane H. Foldøy (lagleiar), Stina Tveiten, Mathilde Nerheim, Siri Svellingen Skogseth, Lina Baustad Hoås (kaptein), Kristina Kvæstad, Petter Hoås (trenar).

Siger i første kamp

Den historiske dagen for Suldal IL vart krona med siger og tre poeng.

Ane H. Foldøy

Det var ein lett nervøs gjeng som reiste med hurtigbåten til Stavanger fredag. Men dei høge skuldra vart fort senka då dommaren bles kampen i gang på Midjord stadion. Berre etter åtte minutt hadde Suldalsdamene hatt fire skot mot motstandarane sitt mål. Les meir…