Kvinner 4. divisjon: Torvastad-jr – Suldal Kvinner Senior 0-6

Dagens lag mot Torvastad.

Etter fleire tap og ein avlyst kamp var Suldalsdamene i dag klare for å reisa til Torvastad og gje dei skikkeleg kamp om poenga.

Suldalsdamene starta fredagen med å vere lokalisert godt spreidd på Vestlandet. Me kom reisande frå Stord, Ølen, Stavanger og Suldal, og hadde endeleg klart å samla ein stor nok tropp til og stilla til kamp. Dagen skulle likevel by på nokre utfordringar. Stengde vegar og halvsjuke spelararar sette sitt preg på dagens mannskap. Me fekk forskyva kampen ein halvtime grunna forseinka spelarar, men måtte starta kampen og spela store delar av første omgang med berre 10 spelarar. Takk til Torvastad-jr som spelte fairplay og tok ut ei av deira spelarar og! Etter kvart som bilen frå Stavanger kom på plass, var det fleire av Suldalsdamene som måtte ha seg pausar grunna skranten form. Trur trenar Petter Hoås sukka eit par ekstra gonger i dag, men etterkvart kom smilet på plass:) (meir…)

4. div kvinner: Suldal – Bremnes 2-6 (1-2)

Flott ver og mykje folk skapte ei fin ramme rundt den andre heimekampen til damelaget.

I første omgang haldt Suldal godt følgje med laget frå Bømlo, sjølv om det nok var Bremnes som hadde ballen mest. Etter eit kvarter fekk dei betalt for presset sitt og skåra sitt første mål. Suldalsdamene kjempa seg heldigvis inn i kampen, og etter halvtimen utlikna Lina Baustad Hoås etter å ha gått over halve banen med ballen. Dessverre svarte dei kvitkledde kjapt og gjekk opp i leiinga 2-1. (meir…)

Strålande fotballveke for Suldal IL!

Det har vore ei aktiv, men svært god veke for laga til Suldal IL i kretsseriane.

Flaggskipa våre, seniorlaga, har full pott. Herrene starta med ein sterk bortesiger 1-2 mot Hjelmeland på tysdag, og avslutta veka med ein minst like sterk heimesiger 2-1 mot Brodd 3. Dette resulterte i delt tabelltopp etter fem kampar.

Damelaget hadde sin første seriekamp for sesongen på torsdag, også her blei det 2-1 siger og ein super start på sesongen. (meir…)