4. Divisjon: Suldal Kvinner Senior – Ølen 1

Arkivfoto av Suldalsdamene frå i fjor, men mange er framleis med.

Så var endeleg Suldalsdamene klare for årets fyrste seriekamp! Me måtte passera 17.mai før me fekk prøva oss på grasmatta i serien, dette året med 11ér oppstilling.

Det var ein spent gjeng i garderoben før me skulle møta Ølen på heimebane i Prestavikjo, men nervøsiteten låg seg raskt etter at kampen vart blesen i gong. Me tok grep om kampen i fyrste omgang, og etter berre 5 minutt sendte Kristine ballen ned mot Mari som sette den solid i nettveggen til Ølen.
Suldalsdamene heldt oppe trykket i kampen og hadde fleire gode gjennomspel og sjangser på mål. Me skulle lukkast på ny etter 28 spelte minutt. Då sende Mari ballen ned mot Kristine som gjekk på løp og sette ballen i venstre hjørne for keeper, og slik stod altså stillinga til pause; 2-0 til Suldalsdamene. (meir…)

KM-finale 4. div damer: Suldal – Sandved 1-3 (1-3)

Tøffe duellar då Suldal og Sandved møttest til KM-finale.

Årets siste kamp i Prestavikjo var finalen i Rogaland fotballkrest sitt kretsmeisterskap for 7’er-lag damer 4. divisjon.

Suldal IL og Sandved IL vann kvar si pulje, men laga kom til finalen med svært ulikt utgangspunkt. Suldal spelte i år sin første sesong, og på grunn av at mange lag trakk seg, enda dei opp med å berre spela tre teljande kampar i serien i år. Alle desse var mot Brodd, og suldalsdamene vann kvar kamp. Tabell og kampresultalt finn ein her. (meir…)

Nytt damelag trekker seg

Det er ikkje mykje igjen av divisjonen til damelaget vårt. Nå er det berre to igjen.

Etter at Tjensvoll nå trekker laget sitt, er det berre Brodd og Suldal som skal gjera opp kampen om pulja si. Det er i grunn blitt ein farse, men det kunne verken me eller kretsen vita på førehand. Suldal har slått Brodd to gonger, og har sannsynligvis ein kamp igjen. Rein matematikk skulle seia at Suldal dermed vinn pulja si og skal spela ok kretsmesterskapet mot vinnaren av pulja i frå Dalane/Jæren.

Her er tabellen.

Aktiv i Suldal: J16 – Suldal a-lag damer

J16 og damelaget saman med Claus Lundekvam og Erik Huseklepp.

I høve Aktiv I Suldal-helga på Sand, fekk J16 og damelaget vårt æra av å spela den offisielle opningskampen på den nye kunstgrasbanen ved Sand skule.

Årets sportsprofiler var Erik Huseklepp og Claus Lundekvam, og dei var høvevis kommentator og dommar. Kampen gjekk over 2 x 10 min, og det viste seg at dei gamle er eldst og best. Likevel gjekk jentene frå J16 i duellane slik at det small både her og der. Kjekt og sjå, godt oppmøte rundt banen, og fin reklame for dame- og jentefotballen i kommunen. Her var spelarar frå mange grender i aksjon.

Damer senior 4. div: Suldal – Brodd 2 5-2

Suldalsdamene tar sommarferie på tabelltopp! Nede frå venstre: Kathrine Kroken Lono, Kristina Kvæstad, Åshild Vårvik, Siri Håranes Eide. Oppe frå venstre: Kristine Bøe Berge, Mathilde Nerheim, Lina Baustad Hoås, Silje Lovra, Sofie Helgeland Våge, Siri Svellingen Skogseth, Beate Klungtveit, Stina Tveiten. Framme: Mina Lunde.

Heitt i Prestavikjo!

I steikande sol og 30 grader sikra Suldalsdamene seg tre poeng i historiens første heimekamp.

Ane H. Foldøy

Med høge skuldre var det ein tydeleg nervøs gjeng som sparka i gang historiens første heimekamp i Prestavikjo. Laget frå Stavanger utnytta spenningsnivået, og var raske med å setja ballen i målet til heimelaget. Det var nok akkurat dette som skulle til for å skru Suldalsdamene på. Gradvis tok heimelaget meir og meir styringa i kampen. Til trass for periodar med noko rotete og oppjaga spel, hagla det inn heile fem ballar i motstandarane sitt mål. For målsjansar til heimelaget var det mange av, og det kunne like godt vore det dobbelte som sluttresultat. Like før slutt fekk Brodd eit trøstemål. (meir…)