Velkommen til skikarusell!

Endeleg er snøforholda i lysløypa gode og det er klart for årets første skikarusell. Rennet går i fristil – det er valfritt om du vil skøyte eller gå klassisk. Yr melder om flott vintervêr, så ta med deg heile familien på skifest. Om du ikkje har fått meldt deg på endå, og gjerne skulle vore med som aspirant, trimmar eller løpar på tid, er det plass til fleire. Start frå kl. 17 for aspirantar og trim, kl. 18 for dei med tidtaking. Møt opp i godt tid, og ikkje minst – ta deg god tid. Her er snø, flotte løyper, kiosk og varmestove. Velkommen! Startliste 1. karusellrenn    Skikarusell 2020, trim og aspirant

Skikarusellen utsett til torsdag 13. februar

Det er i kveld framleis for lite snø til å gjennomføre skikarusell i morgon, tysdag 11. februar. Vêrmeldinga seier derimot at me skal få snø, så me satsar på at torsdag 13. februar kan vera ein lageleg kveld å starte opp. Me har litt utfordringar med å skaffe nok dugnadsfolk på så kort varsel, men me håpar det lagar seg. Me kryssar fingrar for tette snøbyger slik at ein får arrangere første karusellrenn i vinter! Endeleg melding kjem onsdag kveld.

Suldalsrennet – startlister og løypekart

Start og mål blir i Breiastølsdalen, om lag 400 meter frå parkeringa ved skisentrert. På grunn av meldingar om ein del vind blir det felles premieutdeling i Gullinghuset ved lysløypa etter rennet. Løparane i barnerennet(under 8 år) kl. 12.30 får premien sin ved målgong. I Gullinghuset blir det òg kiosk og garderobar. Startnummer blir delt ut lagvis ved start. Det er vegen innover Breiastølsdalen som blir brukt som løype og me ber om at løparar og tilskodarar tek omsyn til kvarandre då trasèen kan vera noko smal for møtande løparar. Velkommen!

Startliste Suldalsrennet 08.02.2020 (meir…)

Suldalsrennet 2020

Suldalsrennet går i fristil

Suldalsrennet blir trass mild vinter arrangert laurdag 8. februar kl. 13 som oppsett! Me må derimot på grunn av lite snø gjera endringar av løypetrasè og start/mål. Vegen i Breiastølsdalen som ligg om lag to km aust for lysløypa blir brukt som reservearena og parkering blir ved offentleg parkeringsplass ved skisenteret.

(meir…)