Midtstølen

Ny turbok-kasse sett opp på Midtstølen.

Det er sett opp ny turbok-kasse på Midtstølen, og me håpar mange vil ta turen opp til den gamle Kolbeinstveit-stølen.  Det er god plass i boka for den som vil skriva seg inn!

Turen er tidlegare omtala her

Nye turbok-kassar

Nye turbok-kassar utplasserte.

Førlandsøyane

Vassbotn

Dei første kassane er nå sette opp på Førlandsøyane og i Vassbotn, og me håpar bøkene får eit tørrare klima framover.  Sparebankstiftelsen SR-Bank delte tidlegare ut gåve på 25.000 kroner til Skogstrimmen og nye turbok-kassar, og desse midlane er nå tekne i bruk.

Stråpanuten

Kassen på Stråpanuten er flytt 25 meter fram til utsiktspunkt ved stein.

 

 

 

 

Er det nokon som har forslag eller tilbakemeldingar relatert til Skogstrimmen, sjå fana «Kontakt oss» for kontaktinformasjon.

GOD TUR!

 

Nyttårsturneringa 2016

1. plass med hendene i veret: Sven, Rune Andre og Sveinung. 2. plass til venstre: Bjørn, Lars og Sigvart. 3. plass til høgre: Tom, Sindre og Erik W.

1. plass med hendene i veret: Sven, Rune Andre og Sveinung.
2. plass til venstre: Bjørn, Lars og Sigvart.
3. plass til høgre: Tom, Sindre og Erik W.

Litle nyttårsaftan gjekk 2016-versjonen av nyttårsturneringa til fotballgruppa av stabelen.

26 spelarar melde seg klar til dyst, men grunna skranten helse og bilkjøp som drog ut i tid, var det 24 karar som var klar då Svein Øystein Berge og Jon Bråtveit bles i gong cupen. Dermed vart det åtte lag dette året. Som vanleg melder ein seg på individuelt, og så blir laga trukke ut av arrangøren. Laga blir delt i to puljer, der dei to beste går til semifinalar og bronse- og finalekamp.

Kvar kamp varer i sju minutt, så det er lenge nok til at ein kan komme tilbake etter å ha fått mål i mot, og til at ein kjenner det svir både i muskulatur og lunger. Det var høg innsats, men fint spel som haldt seg godt innanfor reglementat. Trur kanskje at dommarane Svein Øystein og Christer Hansen bles omlag ein gong kvar for ureglementert framferd. Les meir…

Dametrim med ball – nå også på søndagar

Det er nå dametrim med ball to gonger i veka.

Onsdag kl 20.00 og søndag kl 19.30 i gymsalen på Vinjar skule.

Steptrening

step

I år som tidlegare år er Petra i gong med step.

Gymsalen på Vinjar skule  er plassen torsdagar kl 18.30. Her er det nok både god takt og frisk tone!

Dametrim med ball

fotballdame

Damene er i gong med trening med ball.

Onsdagar kl 18.30-20.00 er det fritt fram i gymsalen på Vinjar skule for damer som likar ulike ballidrettar. Det går i fotball, bandy, basket og handballrelaterte spel. Det meldes om god trening og godt drøs!

Turinspirasjon

Klikk på kartet, eller gå inn på Skogstrimmen  for betre oversikt.

Klikk på kartet, eller gå inn på Skogstrimmen for betre oversikt.

Ein treng ikkje høgt til fjells på reinsdyrjakt eller sauasamling for og nyte hausten. Rundt Suldalsosen er det mange kjekke turar.

Skogstrimmen bør vere kjend for dei fleste, men det er også fleire andre lett tilgjengelege turar ein kan gå. Gå inn på Skogstrimmen sine sider for inspirasjon. Der finn du oversiktskart for Suldalsosen og dalføret mellom Førland og Kolbeinstveit.

Skogstrimmen 25 år!

Skogstrimmen

Tala for jubileumssesongen til Skogstrimmen er klar, det vart eit rekordår!

4596 besøke er det blitt på dei åtte postane som er lagde ut. 52 personar har fått meir enn 15 poeng, og vinnaren er Gro Fisketjøn med heile 312 innskrivingar.

Nok ein gong flott innsats av både arrangør Egil Fugleberg og alle dei som nyttar seg av tilbodet. Det er meir informasjon å finne på Årsmeldinga for Skogstrimmen 2016.

Sjå elles samelsida for Skogstrimmen, den ligg i menyen.

Dametrim

images

Hausten er kommen, mørk og kjøleg. Då er det godt å trekke innomhus.

For spreke damer i alle aldrar er det tre tilbod, alle i gymsalen på Vinjar skule:

  • Petra Odvody har trening med step og styrke torsdagar kl 18.30
  • Hege Hiim Steine står i bresjen for balltrening med innlagt styrke for damer onsdagar kl 18.30-20.00.
  • Gunn Tove Eikeland har yogatrening onsdag kl 20.00.

Dei to førstnemde treningane har brukt Suldal IL si Facebookside for å legge ut infomasjon, og kanskje kan det løne seg å følgje med der.

Vèl møtt!

 

Skogstrimmen 2014

Skogstrimmen

Så var Skogstrimmen 2014 ført inn i rekneark.

Turtilbodet er framleis populært, det er stor framgong frå 2013 i innskivingar. Alle turmåla har auka tala sine, så nær som Fisketjønsvardane der boka er vekke. Hadde ein hatt tala for denne destinasjonen og, ville ein fått rekordtal i år. Berre 45 namn manglar på toppåret 2010. Neste år er det 25-årsjubileum for Skogstrimmen, så då får ein tru at rekordar står for fall. Les meir…

Treningstid for gubbatrim

GubbatrimTreningstida for gubbatrim vert inntil ca. 15. november tysdagar kl 20:30 – 22:00. Dette på grunn av at arbeidet på skulen har tatt lengre tid enn venta.

Årsmelding for Skogstrimmen 2013

Skogstrimmen

Skogstrimmen 2013 er opprekna og vedteke.

Egil H. Fugleberg har gjort opp rekneskapet for fjoråret i Årsmeldinga for Skogstrimmen 2013, og dette er det 23. gongen han gjer. Stor takk for arbeidet!

3299 innskrivne namn er det i bøkene i år, litt ned frå tidlegare. Mykje av nedgongen kan det sjå ut til at er komme på Øyane. Uansett er det mange spreke, 35 stykk hadde 15 eller fleire poeng. Og kven hadde flest? Klikk deg inn og sjå alle tala. For å få innsyn i tidlegare år, er det berre til å gå inn på Skogstrimmen sine sider. Du finn dei i menyen til venstre.

Dametrim startar onsdag 2. oktober

last ned

Onsdag 2. oktober tek dametrimmen til igjen.

Kvar onsdag utover hausten og vinteren mellom kl 18.30-19.30 blir det trening i gymsalen. Petra er instruktør.

Vel møtt!

Skogstrimmen for 2011 og 2012

Skogstrimmen

Sjølv om det ikkje har vore oppdatering på Skogstrimmen her på sida, held den framleis på for fullt.

Egil Fugleberg har stadig full kontroll på trimmarane. Nå er statistikken for åra 2011 og 2012 lagt ut på Skogstrimmen sine sider på nettstaden vår. Årsmeldingane for dei siste fem åra, samt skildring av turane, vil du finne her. Sjå under Trim-fana i menyen til venstre.

I 2011 var det som tidlegare år Gro Fisketjøn som var den mest aktive, men i 2012 er det Ingrid Lunde som har skrive seg inn flest gonger.

Det har vore ein liten nedgang i manntalet dei siste to åra, så ta på dykk trimskoa og legg i veg!

Dametrimmen avlyst onsdag 20. februar

avlystDet vert ikkje dametrim onsdag 20. februar.