Turinspirasjon

Klikk på kartet, eller gå inn på Skogstrimmen  for betre oversikt.

Klikk på kartet, eller gå inn på Skogstrimmen for betre oversikt.

Ein treng ikkje høgt til fjells på reinsdyrjakt eller sauasamling for og nyte hausten. Rundt Suldalsosen er det mange kjekke turar.

Skogstrimmen bør vere kjend for dei fleste, men det er også fleire andre lett tilgjengelege turar ein kan gå. Gå inn på Skogstrimmen sine sider for inspirasjon. Der finn du oversiktskart for Suldalsosen og dalføret mellom Førland og Kolbeinstveit.

Skogstrimmen 25 år!

Skogstrimmen

Tala for jubileumssesongen til Skogstrimmen er klar, det vart eit rekordår!

4596 besøke er det blitt på dei åtte postane som er lagde ut. 52 personar har fått meir enn 15 poeng, og vinnaren er Gro Fisketjøn med heile 312 innskrivingar.

Nok ein gong flott innsats av både arrangør Egil Fugleberg og alle dei som nyttar seg av tilbodet. Det er meir informasjon å finne på Årsmeldinga for Skogstrimmen 2016.

Sjå elles samelsida for Skogstrimmen, den ligg i menyen.

Dametrim

images

Hausten er kommen, mørk og kjøleg. Då er det godt å trekke innomhus.

For spreke damer i alle aldrar er det tre tilbod, alle i gymsalen på Vinjar skule:

  • Petra Odvody har trening med step og styrke torsdagar kl 18.30
  • Hege Hiim Steine står i bresjen for balltrening med innlagt styrke for damer onsdagar kl 18.30-20.00.
  • Gunn Tove Eikeland har yogatrening onsdag kl 20.00.

Dei to førstnemde treningane har brukt Suldal IL si Facebookside for å legge ut infomasjon, og kanskje kan det løne seg å følgje med der.

Vèl møtt!

 

Skogstrimmen 2014

Skogstrimmen

Så var Skogstrimmen 2014 ført inn i rekneark.

Turtilbodet er framleis populært, det er stor framgong frå 2013 i innskivingar. Alle turmåla har auka tala sine, så nær som Fisketjønsvardane der boka er vekke. Hadde ein hatt tala for denne destinasjonen og, ville ein fått rekordtal i år. Berre 45 namn manglar på toppåret 2010. Neste år er det 25-årsjubileum for Skogstrimmen, så då får ein tru at rekordar står for fall. (meir…)

Årsmelding for Skogstrimmen 2013

Skogstrimmen

Skogstrimmen 2013 er opprekna og vedteke.

Egil H. Fugleberg har gjort opp rekneskapet for fjoråret i Årsmeldinga for Skogstrimmen 2013, og dette er det 23. gongen han gjer. Stor takk for arbeidet!

3299 innskrivne namn er det i bøkene i år, litt ned frå tidlegare. Mykje av nedgongen kan det sjå ut til at er komme på Øyane. Uansett er det mange spreke, 35 stykk hadde 15 eller fleire poeng. Og kven hadde flest? Klikk deg inn og sjå alle tala. For å få innsyn i tidlegare år, er det berre til å gå inn på Skogstrimmen sine sider. Du finn dei i menyen til venstre.