Avslutning Suldalsserien

Suldalsserien har vore slutt ei stund, og den årvisse pølsefesten med premieutdeling og utlodning var sist torsdag.

Suldal IL hadde med omlag 85 spelarar i Suldalsserien i 2018 som kunne henta sin personlege preimie denne kvelde. Det var to miniknottlag, tre knottelag, tre lilleputtlag og eit ungdomsskulelag. For å få dette i til å gå rundt, har me hatt 12 offisielle trenarar som fekk blomar og gåvekort. I tillegg veit me at det er andre foreldre som har hjulpe til med treningar, og sjølvsagt alle som har køyrt rundt på kampar. Dei skal også ha stor takk!

I år blei det først premieutdeling, før det var tid for pølser og brus. Kvelden vart avrunda med loddtrekning med mange kjekke premiar frå hovudsponsorane Statkraft og SR-Bank, og enkelte andre aktørar. Og til slutt var det to heldige vinnarar av fruktkorgene.

Dersom det er nokon som ikkje har fått premien sin, kan dei ta kontakt med Jon.

Takk til alle involverte, og vel møtt til Suldalsserien neste år! Klikk deg vidare for nokre bilde frå samlinga. Bilda er denne gong teke med mobilkamera, så alle er ikkje like skarpe. Stemninga får ein likevel med seg! (meir…)

Nyttårscup 2018

Nyttårsturneringa i år blir laurdag 29. desember.

Set av dagen. Reknar med start kl 13-14-tida. De kan berre begynna og melda dykk på til Jon Bråtveit. Tlf, sms, Messenger eller Facebook.
Det blir både herre- og damelag.
Aldersgrense er frå 15 år.
Påmelding kr 50,- som ein betaler ved oppmøte.
Ein melder seg på individuelt, så blir laga trekte. Påmeldingsfrist 27/12.

G15: Suldal – Bokn – bildekavalkade

G15 avslutta sesongen med siger 8-1 over Bokn i Prestavikjo på søndag.

 

Suldal leiar pr i dag tabellen, men Etne kjem med all sannsyn til å gå forbi. Dei ligg to poeng bak, men har tre kampar igjen. Ein av dei er mot Åkra. Dersom Åkra vinn mot Etne, vil Åkra også gå forbi Suldal. Dersom Åkra spelar uavgjort eller taper mot Etne, vil Suldal enda opp på 2. plass. Me kan dårlegast bli nummer 3.  Kampen Etne – Åkra går tysdag 6. november.

Her kjem ein bildekavalkade frå kampen mot Bokn. Klikk på les meir. Klikk så på eit bilde og bla deg gjennom galleriet. (meir…)

G13: Kjempar i toppen – lokalt toppoppgjer i morgon

Suldalsgutane sitt G13-lag har nå to kampar igjen av sesongen, og dei er verkeleg med i kampen om førsteplassen.

Alle lag står nå med åtte kampar, og har altså to igjen. Sauda leiar, eitt poeng føre Suldal, med Etne to poeng bak der igjen. I morgon er det tid for ein slags seriefinale når Suldal tek imot Sauda i Prestavikjo kl 18.30. Det er meldt regn og 8 grader, dette blir ein klassisk haustkamp med regn og flaumljos og stor spenning knytta til kven som stikk av med sigeren. Vinn Sauda, så har dei vunne serien, med siger eller uavgjort er det framleis spenning. Og i siste kamp ventar tredjelaget Etne… Lukke til, og møt gjerne opp for å heia fram 13-årslaget i dette lokaloppgjeret! Sjå fotball.no for tabell og resultat. (meir…)

J16: Suldal ubesigra i haustsesongen!

Laget som spelte årets siste kamp og vann 6-1 mot Haugar 4.

J16-laget spelte i kveld sin siste kamp, og gjorde som dei har gjort heile hausten: Vann!

I dag var det Haugar 4 som møtte for sterk motstand i regnet. Suldalsjentene vann 6-1. Dermed står dei med 6 sigrar og eit uavgjort. Dessverre står det også eit tap på tabellen. Meir om det litt lenger nede.

I vårsesong fekk jentene varierande resultat, det vart mange jamne kampar, eit par stortap og til slutt 3 sigrar, 3 uavgjort og 4 tap. Etter sommaren har trenarane Ørjan Underbakke og Christer Hansen saman med jentene verkeleg fått sving på sakene, og det etter at ein lurte på om det faktisk var nok jenter til å halda fram med laget. Med påfyll både frå yngre og eldre jenter, var det heile 18 jenter som var med på Regy Cup i Haugesund, så det er nesten slik at ein kunne stilt med 11’er-lag. Flott oppsving her, altså! (meir…)

6. divisjon: Suldal – Våganes – avlyst

Sesongens tredje walk over vart eit faktum i det som skulle vore sesongavslutninga for a-laget.

I år har både Lura 2, Forus og Gausel 2 og Våganes trekt seg frå sine bortekampar mot oss. Dette synest me er svært trist, og rett og slett noko sløvt av motstandarane våre. Me får tre poeng, 3-0 siger og økonomisk kompensasjon, men det veg ikkje opp for grunnen til at me er med i seriesystemet: Me vil spela kampar.

Felles for alle desse laga er at dei til slutt kom bak oss på tabellen. Det er ikkje sikkert me hadde slått dei på heimebane, men bortsett frå Hjelmeland, har me berre spelt heimekampar mot lag som har kjempa om opprykk. Både Klebe og Figgjo rykka opp, og dei hadde me ikkje sjanse mot i nokon av kampane. Julabygda var me nokonlunde jamne mot heime og dei første 30 minutta borte, men så blei me overkøyrde. Austrått hadde me to jamne kampar mot, tapte borte og vann heime. Me hadde altså ønska fleire jamne kampar i Prestavikjo!  (meir…)