6. div: Suldal – Madla 3 3-4 (0-2)

Referatet frå heimekampen mot den suverene divisjonsvinnaren kjem noko seint, men her er det!

Med stortap mot Madla 3 på bortebane friskt i minnet, så var det ein revansjesugen gjeng som skulle visa at det er tøft å komma til Prestavijko! Dette skulle tabelltoppen få kjenna på, det var ikkje langt frå at Suldal karra til seg poeng. Nå, når serien er slutt, veit me at Madla 3 vann 17 av 18 kampar, den siste spelte dei uavgjort mot tabelltoar Fiskå. På torsdag spelar dei KM-sluttspel mot vinnaren av nordpulja, Ølen.

Til dette referatet kviler me på assistenttrenar Jone Utbjoa sine SMS-notat:

(meir…)

6. div: Hjelmeland – Suldal 2-2 (0-0)

Det blei uavgjort i siste kamp for a-laget i år, og med det sikra dei 3. plassen i gruppa. Som oppmann Tor Olav seier: Me er best av røkla!

Trenarteamet Ørjan Underbakke og Jone Utbjoa har komme godt ut av den første sesongen med ansvar for a-laget til Suldal. Madla 3 var det lite å gjera med, sjølv om det ikkje var langt i frå at Suldal kneip poeng frå dei på heimebane. Madla har vunne 17 kampar og spelt ein uavgjort. Madla har sitt 2’ar-lag i divisjonen over oss, og kan derfor ikkje rykka opp. Det blir dermed Fisjå som tek turen opp i 5. divisjon. Fisjå er eit lag me meiner me i store deler av kampane mot dei meiner me er nesten like gode som, noko fire jamne kampar mot dei har vist. Men Fiskå har likevel vore jamt over sterkare enn oss i avgjerande situasjonar. På fire kampar dei siste to sesongane har me berre fått eitt poeng mot dei. Å vera litt sterkare over tid viser godt igjen på tabellen, me er 12 poeng bak andreplassen.

(meir…)

6. div: Suldal – Sørmarkå 4-0 (3-0)

5. beste spelar i 6. divisjon 2021: Tore Bendiksen Søraas. Beste spelar i Suldal 2022.

Siste heimekamp for i år, og berre såvidt det blei kamp. Sterk vind og lite spelarar på begge lag, men det blei nå i alle fall spelt.

Vinden herjar for tida, og Sørmarkå var noko bekymra for om dei kom seg heim igjen. Hjemlelandsferga var innstilt mellom kl 14-17.30, men det ser ut til at det blir opna igjen akkurat mens dette blir skrive. Då satsar me på at motstandarane kjem seg heim til skjepeleg tid.

Det skulle bli eit lite antiklimaks av ein kamp. Sørmarkå hadde kun ni spelarar, men var sporty og stilte opp. Dermed blei kampen stort sett spelt på ein banehalvdel. Begge lag forstod nok at det var om å gjera for gjestene å begrensa tapet.

Suldal gjekk raskt opp i leiinga. Etter om lag 8 minutt svinga Øystein Nærheim eit innlegg på bakre stolpe. Der venta sjølvsagt goalgetter Tore Bendiksen Søraas og sette ballen i mål.

(meir…)

6 div avd 3 MIL 2 4-2 Suldal

Bortekampane kjem tett som hagl og denne helga står der to kamper for tur. Først borte mot MIL 2 torsdagen før me skal måle krefter mot Sunde 2 søndagen.
I pulja vår denne sesongen er me fire lag frå Ryfylke og me er ganske godt samla på tabellen. I skrivande stund ligg Fiskå på andre plass, MIL 2 på tredje, Suldal på fjerde og Hjelmeland på femte plass. Det var altså stolthet å spele for i denne kampen der våre helter skulle i kamp mot MIL 2.
Til kampen hadde ein skadeskutt Tore meldt seg klar i tillegg til at Atle hadde tatt turen frå sitt kjære Sauda for å spele kamp. Mangel på rutine skulle det ikkje var. På MIL 2 var det og fleire kjende navn som har veksla mellom Staal og MIL. Den tidligere eminente Knut Foldøy var og å sjå i den fargerike, lilla heimedrakten.

(meir…)

Suldalscupen 2023

Arrangør IL Sand

IL Sand arrangerte i dag eit strålande arrangement på ein strålande dag. Ein kunne ikkje vore meir heldig med tilhøva.

Suldal IL stilte med følgande lag: Tre stk miniknott, tre stk knott, fire stk lilleputt og to stk ungdomsskule. Det gjorde at det blei mykje gult og svart på Eide, men også grøne erfjordbuar og raudkledde sandbuar var det mange av. Dessverre blir det færre av dei andre klubbfargane og sjå, spesielt i lilleputt og ungdomsskule. Nokre av grendene har for få til å laga lag, slik at Jelsa og Haugil slår seg saman med Erfjord, og Nesflaten med Suldal. Litt trist, og det store spørsmålet er jo korleis ein framleis skal ha nok folk i grendene til at ein kan laga fotball-lag. Underteikna skimta heldigvis kvitfargen til Jelsa og blåfargen til Haugil i dei yngre klassane.

(meir…)

6. div: Suldal – Hundvåg 2 2-1 (0-1)

Strålande vêr, sauasamling, reinsdyrjakt, Dyrsku i Seljord og Suldalscup på Sand. Godt gjort at ein både greier å stilla fotballag, kiosk og litt tilskodarar til a-lagskamp på ein slik dag.

Referenten var ikkje til stades, så det blir ikkje lange referatet. Hundvåg 2 var laget som traff mål i første omgang, og det såg lenge ut til at gjestene skulle stikka av med alle poenga. Rapportar frå tribunen seier at heimelaget var noko tungstarta i dag.

I andre omgang gjekk det likare, men mål fekk ikkje nokon i dei første 45 minutta. Så, på overtid fann Suldal ut at det er kjekkast å ta med seg alle tre poenga. Håvard Fatnes slo eit flott hjørnespark. Bak i feltet låg Jone Utbjoa og vaka. Han veit kor målet stod, og stanga inn utlikninga.

(meir…)