|
 Slukøyra gjeng etter tap.
Suldal forstod med ein gang at Vard Haugesund ikkje var komme til Suldal for å gi noko gratis.
Dei pressa på og styrte spelet stort sett heile omgangen. Midtveis i omgangen fekk dei inn to kjappe mål. Suldal var litt tafatte mot duellsterke spelarar fra Vard Haugesund.
Suldal nytta pausen godt og fekk spelarane oppgira og klar for revansj. Andre omgang starta med eit friskt Suldal som jobba godt på kvar ball og etter ca 15 minutter blei det belønna med ei redusering. Kampen stod og vippa der Suldal pressa på for fleire mål. Når det var 5 minutter igjen av kampen var me uheldige og laga sjølvmål. Då vikrka det som slaget var tapt og Vard Haugesund kunne putta på eit mål til. Les meir…
G13-laget har komme godt i gang, og har vunne dei to første kampane sine mot Sauda og Stegaberg. Her kjem ein rapport frå kampen mot Stegaberg.
Me tek meir enn gjerne imot kamprapportar frå alle lag, frå miniknott til Suldalsgutane og jentene og seniorfotball! Send til fotball@suldal-il.no
Kamprapport på Frakkagjerd kunstgras.
Kampen starta med nokre halvsjansar til begge lag, men etter ei stund tok Stegaberg meir og meir over. Utover i omgangen fekk heimelaget fleire store sjansar, men det var Suldal som mot spelets gang gjekk opp i ledelsen. Suldal blei pressa meir og meir bakover på banen og i slutten av omgangen kom utligninga. Stegaberg hadde 4 skudd i stolpane i løpet av omgangen. Les meir…
Terminlistene for årets Suldalsserie er klart, og første runde blir torsdag 3 mai.
Suldal IL stiller i år med ni lag: To lag i miniputt, tre lag i knott, tre lag i lilleputt og eitt lag i ungdomsklassen.
Terminlistene kjem etter kvart i kalenderen. Førebels ligg dei her:
Suldalsserien 2018: Miniknott
Suldalsserien 2018: Knott
Suldalsserien 2018: Lilleputt
Suldalsserien 2018: Ungdom
 J9-laget jublar etter god innsats på Sentrumscupen i Sauda.
Laurdag 21. april arrangerte Sauda IL cup for 6-12-åringar. I år sendte me omtrent alt både av spelarar og foreldre i denne aldersgruppa inn.
Me stilte med sju lag, med godt med spelarar på alle laga. Laga vart fordelt etter årskull, så me hadde G7, G8, G9, G10, G11 og G12, samt eit reint jentelag i J9-klassen. Bortsett frå 9-årsklassen, så spelte jentene saman med gutane i guteklassane.
Tilbakemeldingane er gode, det var kjekt å prøva seg mot andre lag. Og så er det sjølvsagt noko spesielt med cup-stemning. Rykta seier og at dei gule draktene og treningsdressane viste godt igjen i industribygda denne laurdagen. Les meir…
Kampen mellom J16-laget vårt og Djerv 1919 2 er flytta til førstkommande søndag 22/4 kl 15.00
Og kampen enda med eit knepent tap 3-4.

Suldalsjentene sitt J16-lag har alt vore i gong ei lita veke, og i dag sparka G13 serieballen i gong mot Sauda.
Jentene har hatt ei fin sesongopning, med eit knepent 3-4-tap mot Sauda i første kamp, og ein flott 2-0-siger borte mot Bremnes i helga. Og siste melding er at G13-gutane slo Sauda heile 3-0!
G15-laget skal ha sin første kamp borte mot Etne 17. april, og første heimekamp tysdag 24. april mot Djerv 1919 2. Les meir…
I helga gjekk IL Sand sitt arrangement Statkraftcup av stabelen.
Laurdag var det dei yngste og eldste som spelte kampar (miniknott, knott og ungdomsskulen), mens det søndag var lilleputt som duellerte i Suldalshallen. Mange vaksne og sjå, både som trenarar, foreldre og anna støtteapparat. Det likar me!
Full hall, ivrige ungar og spennande kampar gjorde sitt til at folk koste seg.
Klikk deg vidare i artikkelen for å sjå ein del bilde frå miniknott og knott.
Les meir…
Det vert fotballtrening for miniknott (1. og 2. klasse) måndagar kl 17.15 – 18.30. Første trening er måndag 8. januar. Alle er hjarteleg velkomne!

Måndag var det avslutningsfest og premiering etter Suldalsserien. Tradisjonen tru var det premieutdeling, pølser og utloddning av ulike gåveartiklar.
Tre miniknottlag, tre knottelag, to lilleputtlag og eitt ungdomsskulelag har kjempa med dei andre idrettslaga i kommunen om poeng og ære, og endeleg var dagen kommen for å få premie for dette. Fotballgruppa informerte litt om kva aktivitet det har vore denne sesongen, før laga og lagleiarar kom fram for å få premiane. Til lagleiarane vanka det blomar og ein konvolutt med noko oppi. Takk for god innsats til både vaksne og ungar! Dei som ikkje var til stades kan få premiane sine ved å senda ein e-post til fotball@suldal-il.no, ta direkte kontakt med Jon, eller med lagleiaren sin. Så kan lagleiaren formidla beskjed vidare. Les meir…

Det er omsider tid for avslutning og premiering for dei som har vore med på Suldalsserien.
Måndag 20. november kl 17.15 inviterer me alle spelarar, trenarar, lagleiarar og føresette til Suldal IL sine lag i miniknott, knott, lilleputt og ungdomsskule til ei samling der det blir pølser, premiering og utlodding av gevinstar.
Me håpar at så mange som mogleg har sjanse til å komma denne ettermiddagen.
Vel møtt!
 G14 anno 2017. Trenarar er Reidag Hagen og Torbjørn Indrebø.
Deltaking i kretsserien for G14 var ei ny erfaring for alle spelarane, men og for trenarane.
Me sette oss ikkje eksakte mål for sesongen, men me var realistiske med tanke på kor bra eller dårleg me ville kunna gjera det. Me skulle for første gong spela på heile banen, med 11 spelarar og med offside. Mykje å trena og øva på.
Sesongen starta med 16 gutar på trening. 2 fall av tidleg, men 14 gutar har vore aktive både på trening og kamp heile sesongen. Les meir…
 Miniknottane på Haugesund stadion.
Miniknottene fra Suldal 1,2 og 3 var så heldige å bli invitert til å være «maskotter» for Vikingspillerne i kampen mot FK Haugesund lørdag 23. september.
I alt 20 miniknotter, 19 foresatte og 5 søsken satte seg på bussen til Per Arne tidlig på lørdags ettermiddag med Haugesund stadion som mål. Får å få de reisende i rett humør ble filmen «United» vist, der FK Haugesund spiller en sentral rolle. Vi ankom et Haugesund badet i sol der FKH hadde gjort i stand «Fanzone» med gratis pølser og is, live musikk, ballbinge, fotballdart, autografskriving og masse give-aways. De fleste miniknottene synes dette var midt i blinket og det ble en flott opplading før de forventningsfullt skulle entre banen sammen med de store stjernene kjent fra TV. Les meir…

Det nærmar seg tid for Suldalcupen, laurdag 2. september. IL Haugil står som arrangør.
Kampoppsett og puljer er klare. De kan lasta ned oppsetta på lenkjene under.
Suldalscup 2017 Kampoppsett MiniKnott og Knott
Suldalscup 2017 Kampoppsett Lilleputt og Ungdoms lag
Puljene er som følgjer: Les meir…
|
Sponsorar Grasrotandelen. Kor mykje har me fått i Grasrotandelen? klikke her!
For å registrere deg, send SMS. Skriv:
GRASROTANDELEN 983958605 til 2020 (tenesta er gratis),
eller ta kontakt med tippekomisjonæren din.
|