Saudacup 2023 i strålande ver!

Det er nokre år sidan me sist var i Sauda på cup, men i år tok me turen inn med 10 lag og 54 spelarar.

Dei gule draktane skein om kapp med sola, og det blei nok ganske varmt og vèl godt for fleire utover dagen. Laga var meldt på med få eller ingen innbyttarar, og kampane varte i 28 minutt, så her fekk alle verkeleg mykje speletid. Her var reine gute- og jentelag (stort sett), og nokre av laga var også reine klasselag.

Denne inndelinga er annleis enn me er vant med frå Suldalsserien, så spelarane får spelt saman med spelarar dei gjerne ikkje spelar så ofte med til vanleg. Mest spent var kanskje dei yngste som ikkje har vore med på så mange kampar endå, og 10-åringane, samt to 9-årsjenter, som skulle vera med dei eldre og spela på 7’ar-bane. Dei kom alle godt frå det!


Stort sett møtte laga våre passande motstand, men som alltid er det nokon lag som vinn og nokon som taper. Slik er fotballen, og slik er visst også livet. Ein må gjera sitt beste, og så kan ein øva meir og få ein ny sjanse snart. Om ei og ei halv veke startar Suldalsserien for nokre av laga.

Takk til Sauda IL for arrangementet, og takk til lagleiarar, føresette og andre familiemedlemmer som sette av laurdagen til ein kjekk fotballdag for ungane!

Klikk deg vidare for bilder frå cupen.

(meir…)

Trengingskamp jenter 11-12 år: Sauda – Suldal

Det er ikkje så ofte jentene får spela saman. Derfor var det lett å takka ja då Sauda inviterte til treningskamp for deira nyoppstarta J11-lag.

Me reiste inn med fire 11- og fire 12-åringar laurdag 15. april. For nokon var det første gong dei spelte på eit reint jentelag, for andre var det første gong dei spelte på 7’ar-bane, så noko spenning var det nok i forkant.

Likevel kom Suldal godt i gong, og var laget som hadde ballen mest i starten, det var ikkje langt i frå at me tok leiinga. Det var derimot Sauda som skulle få det første målet og gjekk opp til 1-0. Så følgde laga kvarandre som skuggar resten av kampen. Suldal utlikna og gjekk opp i leiinga 2-1, før Sauda igjen utlikna. Hugsar ikkje i farten om det var Suldal eller Sauda som gjekk opp til 3-2, men den leiinga blei raskt utlikna. Då me hadde spelt 57 av 60 minutt stod det framleis 4-4. Om underteikna ikkje er heilt objektiv, så meinar han likevel at Suldal var laget som då hadde størst sjansar til å få vinnarmålet. Slik gjekk det ikkje. Ei saudajente la ut på eit dribleraid som førte til leiing rett før slutt. Då var det alle jenter i angrep for vår del, og eit siste kontringsmål i mot kom heilt på tampen. slik at det blei 6-4 til vertane.

Uansett ein veldig spennande og jamnspelt kamp der alle jentene fekk vist seg fram med god innsats og til tider godt spel. Med berre åtte spelarar, blei det mykje speletid på alle. Saudajentene var så mange at dei hadde to fulle lag, og kunne setta utpå utkvilte spelarar i 2. omgang. Dei fekk ei god gjennomkøyring før dei skal debutera i J11-serien til fotballkretsen tysdag.

Etter kampen inviterte Sauda på pizza i klubbhuset, før me svinga heimover.

Revansje for ivrig-gjengen mot Ølen: Suldal – Ølen 9-4

Onsdag 12.mars var det klart for ny treningskamp mot Ølen for 11- og 12åringane som deltar på ivrigtreninga.

Etter to kjappe mål imot i åpningsminutta, bretta spelarane opp ermane og tok ut sitt potensial: Full innsats, tøffe taklingar og godt samspel, som resulterte i at resultatet vart snudd til 4-3 ved pause. Dette gode spelet fortsette i 2.omgang, godt hjulpne av ein entusiastisk tilhengerskare på sidelinja, og kampen enda til slutt med 9-4 seier.

Mykje idrettsglede og godt samhald i gjengen, og gode tilbakemeldingar også frå motstandardlaget som gjerne ville gjere desse treningskampane til ein tradisjon framover.»

Klikk deg inn i saka for å sjå nokre halvgode bilde. Trenaren Aslak var meir opptatt av å huja enn å fotografera…

(meir…)

Ella og Kari på treningssamlingar

I vinter har to av Suldalsjentene våre vore ute og prøvd seg på treningssamlingar der dei har fått møtt andre jenter med ambisjonar og fotballferdigheiter. Ella Tjøstheim og Kari Fossan Steine har vore både på Karmøy, i Haugesund og i Bergen og spelt fotball.

Jentene var først på samling på Karmøy i haustferien med Norsk Spillerutvikling NSU. Dette er eit tilbod som er ope for alle, men som er tilrettelagt for ekstra motiverte fotballspelarar med gode røynsler og haldningar. I denne kategorien er absolutt både Ella og Kari, og det var ikkje vanskeleg for Suldal IL å formidla dette tilbodet til dei.

(meir…)

Suldalscupen på Jelsa

Ungdomsskulelaget vann Suldalscupen!

Sist laurdag arrangerte Jelsa IL Suldalscupen, og denne gong kunne me reisa frå grasbanen utan gjørme på draktene; veret var på fotballen si side!

Flott arrangement av Jelsa, kompakt både i tid og areal, og full kontroll frå sekretariatet. Suldal IL kan klappa seg på skuldra med å bidra til arrangementet med to av våre supre dommarar: Ella Tjøstheim og Lina Indrebø. Dei er fantastiske ambassadørar for klubben vår!

Gode ambassadørar er også alle spelarane, lagleiarane og foreldre/besteforeldre som troppar opp og støttar spelarar og lag. Det var god stemning, og mykje god prat mens ein såg på kampane.

(meir…)

Røldalscup 2022

Takk for kampen!

Laurdag 3. september var det tid for Røldalscup 2022 i strålande førhaustver. Det blei ein heil gjeng i gul og svart som tok turen.

I fjor var Suldal IL med på cupen for første gong, og den gav meirsmak. Sjansen til å møta nye og ukjente motstandarar, 3’ar-fotball for dei minste, reine jentelag og eit kompakt arrangement var absolutt på pluss-sida, noko som gjorde at me ville vera med i år også. Med om lag 50 spelarar og 12 lag i gult og svart frå Suldal IL, så vart me klubben med flest lag. Me viste godt igjen. Dessverre var det nokon som vart sjuke i siste liten, men fleksible spelarar, lagleiarar og foreldre gjorde at me fekk nok spelarar til alle lag og alle kampar.

(Bildegalleri i slutten av innlegget.) (meir…)