by Per Even Tjøstheim | mar 18, 2018 | Resultatlister, Ski |
I strålande sol tok 50 løparar pluss ein stor heiagjeng turen til Kleivane i Hamrabø. Her inviterte Vegard, Tom, Neri, Torunn og Sveinung til skirenn med løyper av høg kvalitet, stadion med plass til alle og skyss på første klasse. Hamrabørennet blei nå arrangert for tredje gong og var ei fin avslutning på skirenna i Suldal. Og typisk nok for vinteren 2018 – også denne dagen gjekk ein med tørrvoks i fine høve!

Resultatliste Hamrabørennet 2018
(meir…)
by Per Even Tjøstheim | mar 13, 2018 | Resultatlister, Ski, Ymse |
Då var alle dei fire renna i Telenorkarusellen i lysløypa gjennomførte. Me har hatt vêret med oss og alle renna er gjennomførte som planlagt. Takk til alle frivillige frå idrettslaga i Erfjord, Hjelmeland og Suldal som har gjort ein flott jobb med å arrangementa.
Resultat karusell, Gullingen 2018 – 4
Samanlagt Karusell 2018, ver 2
Aspirant, skikarusell 2018
Trim, skikarusell 2018
by Per Even Tjøstheim | mar 5, 2018 | Resultatlister, Ski |
Søndag var det igjen klart for det tradisjonsrike turrennet rundt Mosvatnet som i år hadde 70 års-jubileum. Løparar frå 13 år og oppover gav seg i kast med opptil tre rundar rundt vatnet og sjølv om det raskt blei strekk i feltet, var det kiving om plasseringane. Raskaste herreløpar var i år som i fjor, Audun Laugaland medan Gunnbjørg Hetlesæter var raskaste dame og fekk eit nytt napp i vandrepokalen. Også mange i trimklassen tok turen i den lengste løypa.
I tillegg til sjølve turrennet var det distanserenn for dei mellom 8 og 12 år og barnerenn for dei yngste opp til 7 år. Til heiarop frå foreldre, besteforeldre og andre laga borna ei fantastisk stemning på stadion medan dei vaksne var ute på sine rundar.
Resultat Mosvatnet Rundt 2018
Deltakarar BARNERENN – Mosvatnet Rundt 2018
Deltakarar TRIM – Mosvatnet Rundt 2018



by Per Even Tjøstheim | feb 21, 2018 | Resultatlister, Ski |
Med over 220 deltakarar i skisporet leverte Erfjord IL eit flott arrangement. Det blei endå ein kveld med tørrvoks og duellane var mange og tette. Me var òg heldige å få med gjesteløparar på vinterferie, og Vestfold var godt representert med deltakarar både frå Svarstad og Larvik.

Resultat karusell, Gullingen 2018 – 3
by Per Even Tjøstheim | feb 6, 2018 | Resultatlister, Ski |
Igjen ein flott vintrakveld med nokre minusgrader, ivrige skiløparar og fortreffelege lappar. Hjelmeland IL gjorde ein stor innsats som arrangørar og føra var god for både klassisk og skøyting.

Resultater karusell Gullingen, 2018 – 2
by Per Even Tjøstheim | jan 23, 2018 | Resultatlister, Ski |
I flott vintravêr og i gode løyper, deltok i alt 234 skiløparar i det første karusellrennet i år. 111 av desse gjekk på tid.
Velkomen att 6. februar!
Resultater karusell, Gullingen 2018-1