by Per Even Tjøstheim | mar 9, 2020 | Resultatlister, Ski |
Som dei to føregåande karusellrenna baud òg denne kvelden på flotte skiforhold med nokre minusgrader. Dette var tredje og siste karusellrennet i vinter, og snautt 200 løparar har vore med i år. Med mange foreldre, besteforeldere og søsken som heia og var med, blei det skiopplevingar både for store og små. Det er derimot endå meir plass i løypene – kanskje fleire tek turen til neste år? Sjå lenker for deltakarar i trim-og aspriantklassen, samanlagtresultat for dei som gjekk på tid og resultata frå siste renn.
Aspirant og trim, skikarusellen 2020 Telenorkarusell 2020, samanlagt
Resultatliste skikarusell 5. mars 2020 (meir…)
by Per Even Tjøstheim | feb 19, 2020 | Resultatlister, Ski |

Klare til start. Foto: Suldalsposten/Marta-Brit Lunde
Ny, flott kveld i lysløypa med raske spor og ivrige deltakarar. Erfjord IL styrde eit flott arrangement med stødig hand og godt mannskap. Dette var karusell nummer to i vinter så nå står siste skikarusell att, 5. mars. Sjå link for resultat. Resultatliste skikarusell 19. februar 2020
by Per Even Tjøstheim | feb 13, 2020 | Resultatlister, Ski |
Første skikarusell blei gjennomført ein etterlengta, skikkeleg vintrakveld i februar med om lag 200 store og små løparar, trimmarar og aspirantar. Denne gongen stod Hjelmeland IL saman med Suldal IL for arrangementet.
Resultatliste skikarusell 13. februar 2020
by Per Even Tjøstheim | feb 8, 2020 | Resultatlister, Ski |

Friske skøytetak
Om lag hundre løparar med smått og stort deltok i helga i Suldalsrennet i Breiastølsdalen. Trass i til tider frisk vind og blautt snøvêr, var det ingenting å seie på innsatsen til løparane, både lokale og tilreisande. (meir…)
by Per Even Tjøstheim | mar 27, 2019 | Resultatlister, Ski |
I helga var det duka for krinsmeisterskap -del to, på Tjørhom i Sirdal . Skirenna samla 250 løparar frå Rogaland, Aust- og Vest-Agder og suldølen viste igjen, godt att på resultatlistene.
Laurdagen var det klassisk distanserenn på programmet, og med èi plussgrad og snø i lufta var det litt utfordringar med skismurninga kor valet stod mellom rubb og klister.
Det blir kåra krinsmeistarar frå og med 13 år, og dei yngste løparane til og med 10 år blir ikkje rangerte. Simon Bakka synte god fart i klasse 9 år, og dette blei følgd godt opp med Daniel Bakka og Vilde Tjøstheim i klasse 10 år, gutar og jenter.

Tobias, Thomas, Daniel, Ella, Vilde, Mathea, Simon og Roald
I klasse gutar 11 år, gjekk Roald Emuge Oluka sitt første krinsrenn og gjorde eit veldig godt løp. Det vart klassesiger i gutar 12 år med Thomas Bakka og Tobias Lunde rett bak på tredje plass medan det blei dobbelt frå Suldal i jenter 12 år. Mathea Vik kjempa seg til første plass, 1,9 sekund føre Ella Tjøstheim.
Sindre Vik konkurrerte som før i den tøffe 16-års klassen og gjorde eit godt løp, men var noko uheldig med stavbrekk. I seniorklassen sette Øyvind Røgenes god fart i sporet og leia frå start til mål og blei på nytt krinsmeister! Dette vart følgd opp med friske fråspark frå Lars Lunde.
(meir…)
by Per Even Tjøstheim | mar 20, 2019 | Resultatlister, Ski |
Søndag 17. mars gjekk turrennet Mosvatnet Rundt av stabelen. På grunn av lite snø i terrenget rundt sjølve Mosvatnet, gjekk løypa i år frå lysløypa, ut til Hedlebrekk og Svardalsheia.
Runden blei gått to gonger og ved passering på stadion fekk løparane drikke og blei møtte av eit begeistra publikum. Med kjærkomen nysnø, men noko utfordrande smørjeforhold var det i år Gunnbjørg Hetlesæter frå Hjelmeland IL og heimefavoritten Øyvind Røgenes, Suldal IL som vann høvevis kvinne- og herreklassa i det vel to mil lange turrennet. Hetlesæter tok med dette sitt tredje napp i vandrepokalen og fekk den då til odel og eige.
Samstundes med turrennet blei det arrangert distanserenn for alle mellom to og 16 år. Med smått og stort stilte 87 løparar til start, men det hadde vore god plass til fleire, både i turrennet og distanserennet.
Resultat Mosvatnet Rundt 2019

(meir…)