Målskorarar i første omgang: André og Pelle

Målskorarar i første omgang: André og Pelle

 

 

Det nye G13-laget imponerte med godt spel og flotte mål i sin aller første teljande kamp. Spelarane har vist framgang under treningane i vår, både individuelt og som lag. Og torsdag viste dei at dei kjem til å bita godt frå seg i serien då Skjoldar var på besøk i Prestavikjo.

Allereie frå start var Suldalsgutane på hogget. Fleire store sjansar vart skapt dei første minutta. Og bare ein god og vaken Skjoldar-keeper hindra Suldal i å skore på fleire fine gjennomspel. Skjoldar var meir effektive: Dei sette ballen i mål på sin første sjanse. Men Suldalsgutane fortsette å trykke på. Utlikninga kom på eit flott langskot frå Pelle. Han utnytta at keeper stod litt langt ute, fekk løfta ballen slik at den gjekk i ein fin boge over fingertuppane på målmannen og i mål.

Spelarane ladar opp til andre omgang

Spelarane ladar opp til andre omgang

Resten av omgangen var det Suldal som hadde initiativet på banen. Alle bidrog og var flinke til å jobbe saman som eit lag. Keeper Espen imponerte med flotte redningar. Forsvaret, anført av kaptein Mads, var tett oppi motstandarane og gav dei lite rom. Midtbanen jobba godt og varierte angrepa mellom å utnytte bredden og legge inn frå kanten, og spele spissane gjennom i bakrommet. Og midt i omgangen lukkast det Suldal å ta leiinga. Eit flott angrep på høgresida enda med at det presise innlegget vart ekspedert i mål av André. Ikkje lenge etter sette same spissen inn Suldal sitt tredje mål.

Dermed hadde ikkje trenar Morten så mykje han ville rette på til andre omgangen. Bortsett frå at spelarane av og til var vel høflege overfor motstandarane i duellane, og lot dei overta ballen, i staden for å trøkke til og vise full innsats.

Andre omgang starta med Suldalsdominans. Lufta gjekk litt ut av Skjoldar og Kentaro viste at han hdde forstått kva trenaren meinte: Han tok initiativ, var med fram i angrep og sette inn heimelaget sine mål nummer 4 og 5.

Kanskje var det ei kjensle av at no var jobben gjort, eller var det tanken på ein varm dusj som lokka medan kaldt regn kjølte ned både spelarar publikum medan nysnøen kraup lenger og lenger nedover Vinjarnuten? For då kampen tilsynelatande var avgjort i Suldal sin favør, tok Skjoldar til å yppa seg igjen. To kjappe reduseringar viste at her måtte det jobbast fram til dommaren bles av, om poenga skulle bli att i Suldal. Og ikkje lenge etter gjorde Yahya akurat det ein god spiss skal: Drog av ein mann inne i 16-meteren, plasserte ballen iskaldt til side for keeper og faststette dermed sluttresultatet til 6-3.

Neste kamp er allereie måndag 29 april. Også den i Prestavikjo.

Lag: Espen Jelsa, Mads van Ruiven, Knut Nærheim, Ådne Kolstø, Jørgen Lund, Kentaro Indo, Eirik Halgunset, Pelle Tijhuis, Håvard Fattnes, Jostein Hindenes, André Vatland

Innbyttarar: Radas Teklay, Jone Odden, Daniel Espe, Aslak Fisketjøn, Yahya Hassan, Bjørnar Steine, Marius Søraas, Robin Straabø, Levar Sand