Nydeleg dag for kamp i Prestavikjo! Fotograf: Eskil Nerheim

Nydeleg dag for kamp i Prestavikjo!
Fotograf: Eskil Nerheim

Laurdag kom Våganes frå Sola på besøk til Prestavikjo. Etter tap i dei første kampane håpa Suldal at trenden skulle snu.

Det er lenge sidan undertegna har følt at Suldal var sø klar for kamp som akkurat denne lørdagen som blei skreven 20 april. Gode treningsveker etter sist kamp og eit godt mannskap i troppen gjorde at trenar, Geir Sigmund nesten hadde eit luksusproblem når han skulle ta ut laget. Rutine var også eit av nøkkelorda til denne kampen. Mot Vardeneset 2 hadde me ein snittalder på rundt 21 år på troppen.Til denne kampen var snittalder rundt 26 år.

Kampen starta som den stort sett varte heile 93 min med at Suldal trilla ball og spelte med stor ro og god kontroll. Me trilla ball og spela oss fint gjennom ledda og trøkka godt på når me nærma oss dagens motstandard, Våganes sitt mål. Det tok heller ikkje lang tid før første ballen klinka hardt og brutalt i eine stolpen. Det var Ingve som fekk denne sjansen og me fekk ei føling av at dette kunne vera ein kamp der me skulle vinna, kanskje med god margin også?! I heile første omgang føra me banespelet og kom til supersjanse på supersjanse, uten å klare å få ballen i mål. Laga gjekk til pause med to smultringar på resultattavla, men gjengen med gule og svarte drakter på hadde virkelig trua på at det skulle løsne. Me snakka om det i pausen at her ville sjansane fortsetta å komma bare me spela med låge skuldre og ei positiv instilling.

I andre omgang fortsatte me å spela ball og skapa sjansar dei første 20 minutta. Me hadde god kontroll på kampen før dagens suldalskaptein Tore Søraas får to strake hender i ryggen og fell slik at han mistar kontroll på ballen i ei ugunstig posisjon. Forsvaret vår stod i denne situasjonen litt høgt sidan me tross alt skulle ha bra kontroll på situasjonen, samtidig at alle stod som spørsmålsteikn då dommaren lot dei raude frå Våganes fortsettje angrepet. Dei kom i stor fart mot dagens keeper Erik W Vold og klarte  å setje ballen i mål etter ein retur frå keeper. Underteikna følte det var som å få eit knytteneveslag rett i magen etter denne situasjonen, men me kunne ikkje gi opp. Frå denne scoringa og ut var det eit anna suldalslag som spelte fotball nede i Prestavikjo. Mange blei plutselig slitne og fleire bytter vart gjort, me slutta å spela ball slik me hadde gjort med hell i første del av kampen og me begynte å la vår vrede gå utover dommar og medspelar. For alle dykk som nå les dette veit at dette er faktorar som innverkar negativt på eit lag, noko det og gjorde for oss denne laurdagen. Før dommaren hadde blese av kampen klarte Våganes å putte to ballar til bak Erik og me klarte ikkje få til den siste innspurten me så gjerne ville ha.

Eit av dei suraste og bitraste tapa eg har vore med på som suldalsspelar var eit faktum. Det har til og med vore så gale t eg måtte manna meg opp for å orka å skrive dette samandraget. I ein kamp der me skulle vinne med klar margin, tapte me med god margin. Me spela ein bra kamp, men som kjent så skal ballen i mål og måla preger som kjent kampane. Det er ingen klar statistikk på sjansetalet vårt, men om eg skriv 10 hundreprosentsjansar på så godt som åpent mål trur eg ikkje eg tek så veldig feil.

Me må bare reisa oss frå denne skuffelsen og kjempa på vidare. Til helga skal me møte Havørn i Stavanger til noko me veit blir ei hard nøtt. Men Våganes viste oss at med ein del hell og god scoringsrate kan me få eit godt resultat utav denne kampen også.

På laurdag spelar også Suldal 2 sin første kamp på liten 7 erbane nede i Prestavikjo kl 13.30 mot Buøy 3. Dette laget er eit prosjekt slik at alle som er med å trenar får muligheter til  spela kamp. Me har ein gjeng i Stavanger som spelar bortekampane for oss der, så har me ein gjeng som spelar kampane våre her heime i Suldal.

Harde fakta Suldal-Våganes:

Gule kort: Tor Olav Berge og Jone Utbjo. Nokre fleire?

Laget: Erik W Vold, Nils A moe, Tor Olav Berge, Odd  Å Lunde, Christer Hansen, Jone Utbjo, Tore B Søraas, Bjørn M Steine, Ingve Berge, Christian Smithson, Hallvard Erfjord

Benken: Espen Josdal, Sigvart Vårvik, Jørn Vaage og Ørjan Underbakke

Ref: Tor Olav Berge