Suldalsgutane takkar for kampen mot Djerv

Suldalsgutane takkar for kampen mot Djerv

Det vart reprise på resultatet frå serieopninga då Djerv 1919 mandagskveld kom på besøk til Prestavikjo i vått og kaldt november-ver. Laget frå Haugesund ga god motstand, og Suldalsgutane måtte jobbe hard for sigeren. Sakte men sikkert tok dei over initiativet i kampen etter pausen, og fekk sett inn dei avgjerande måla utan at Djerv makta å kvittére. Medan Suldal viste det beste spelet frå start i førre kamp, var det i andre omgang dei imponerte mest denne gongen.

Kampen starta med eit massivt press frå Suldal, og allereie etter 3 minutt sette André den første ballen bak Djerv sin keeper. Men utover i omgangen kom Djerv sterkt tilbake. Dei fekk fleire dødballer på Suldal sin banehalvdel, og på ein korner vart utlikninga heada inn, etter ein markeringssvikt. Like etter tok bortelaget leiinga på ei kontring. Suldal sin forsvarsfirar vart ståande for høgt. Djerv slo ein stikkar gjennom på høgresida og skora då dei kom åleine med keeper.

I denne perioden var det lite som stemte for Suldal. Pasningane sat ikkje, markeringane var slakke og taklingane kraftlause. Trenaren reiv seg i håret og skreik seg hås utan at det hadde umiddelbar virkning på kvaliteten på spelet. Spelarane skal ha ros for at dei fortsette å jobbe sjølv om det var mykje som ikkje stemte spelemessig. Like før pause fekk dei løn for strevet. Medan Djerv sløste med sjansane, var Suldal effektive. Jone vann ein ball høgt i banen på høgresida, spelte fram til Daniel som utlikna til 2-2 med eit skot frå hjørnet av 16-meteren.

Aslak og Jone gjer seg klar til ein god andre omgang

Aslak og Daniel gjer seg klar til ein god andre omgang

Like etter pause skora laga ein gong kvar, og det var uvisst kven som skulle trekke det lengste strået. Men då var det som om Suldalsgutane bestemte seg for at denne kampen skulle dei vinna! Medan Djerv-spelarane byrja å verte trøytte, heldt heimelaget tempoet oppe. Aggressiviteten vart betre både i forsvar og på midtbanen, og det var Suldal som produserte sjansar. Først  går Suldal opp i 4-3 då Jostein skorer på eit innlegg, før Daniel knallar inn sitt andre mål med eit velplassert skot. Same kar fastset sluttresultatet til 6-3 i ein kamp der prestasjonane svinga ein god del, men der Suldalsspelarane viste god lagmoral. Dei jobbar saman, viser god fotballforståing og vil bare bli betre etter kvart som dei får meir erfaring med 11-er-fotball.

Neste gong Suldalsgutane møtes, står dei på kvar sin banehalvdel på ymse banar rundt i kommunen, når Suldalsserien startar på torsdag. Det er grunn til å tru at innsatsen i desse kampane ikkje vert mindre i år. Det er ikkje kjekt å tapa for ein lagkamerat!

Neste kamp i kretsserien er borte mot Vard Haugesund onsdag 8. mai.

Lag: Espen Jelsa, Mads van Ruiven, Aslak Fisketjøn, Ådne Kolstø, Jone Odden, Kentaro Indo, Eirik Halgunset, Daniel Espe, Håvard Fattnes, Jostein Hindenes, André Vatland

Innbyttarar: Radas Teklay,  Yahya Hassan, Robin Straabø, Levar Sand, Pelle Tijhuis