Høle IL

Nok ein seier for Suldal 2 kom mot Høle denne mandagen. Me hadde bestemt oss på forhånd at me skulle trø til i duellane frå start av og vera aggresive, slik me lyktes så godt med sist.

Det gjekk seinare før me kom i gong og det var Høle som åpna scoringsballet med eit skudd som fauk inn frå avstand, med litt hjelp frå vinden. Fortjent var det uansett, etter fleire flotte angrep av heimelaget, der me er på etterskudd. Me tek oss saman etter målet imot, og etter litt klabb og babb i feltet til Høle får Ørjan avslutta. Keeper redda, men der sto måltjuven Odd Eirik og banka inn returen. 1-1 og no var me det førande laget. Ikkje lenge etter kontra me etter ein corner frå Høle, og ein fantastisk utsidepasning frå Terje fann Hallvard framme foran mål som enkelt kunne setje inn 2-1 til Suldal. Terje fortsatte og vera involvert i angrepa våre og etter eit flott raid frå egen banehalvdel som han sjølv satte sikkert i målet leia me 3-1. Me gjekk til pause med 4-1 leiing etter at Audun, assistert av Hallvard avslutta ein god periode med nok ei scoring.
Andre omgang vart litt tøffare for vår del, men me var veldig sterke i duellane og greidde gong på gong å stoppe Høle frå scoring. Sjølv om me ikkje var like god offensivt, viste me ro og konsentrasjon i forsvar Høle reduserte ein gong i 2.omgang, men me kan seie oss godt fornøgd med ein 4-2 seier på ein dårleg grusbane, der det ikkje alltid er like lett å berekna kor ballen kjem til å lande. Nok ein gong er me veldig gode i forsvar, og vinn fortjent.

Mål: Odd Eirik Nordmark, Audun Hilde, Terje Gjuvsland, Hallvard Erfjord.
Assist: Ørjan Underbakke, Terje Gjuvsland, Hallvard Erfjord.
Poeng:
3p: Terje Gjuvsland
2p: Hallvard Erfjord.
1p: Inge Lunde

Lag: Inge Lunde, Sven Kolstø, Tore Madland Steine, Bjørn Vidvei, Ørjan Underbakke, Hallvard Erfjord, Sigurd Slåtto, Terje Gjuvsland, Odd Eirik Nordmark, Audun Hilde