Det var ein livleg gjeng som skulle prøve seg på 7 erkamp mot superlaget i pulja, Buøy 3 nede i Prestavikjo laurdag  4 mai.

Etter ei fartsfylt innleiing med stolpeskot, briliante redningar og skot rett utanfor stolpane følte ein kanskje at dette kom til å bli ei grei skuring for dei håpefulle i den gule og svarte suldalsdrakta. Me førte kampen, men ballen ville ikkje inn mellom stengene til Buøy 3 sin gode keeper. Sjøl om me hadde fortjent ei grei leiing var det likevel karane frå Buøy som skulle setta den første ballen i mål bak Suldal sin spreke keeper, Svein Øystein Berge. Etter denne baklengsen spela Suldal seg til fleire sjansar og fekk til slutt utteljing då Jørn Våge på vakkert vis sette foten på ei pasning frå Tor Olav Berge. Til pause var me like langt og resultatet 1-1 burde kanskje ha visa meir positive tal i vår favør.

I andre omgang var det me som skulle få vår velfortjente leiing då Tommy H Espe skaffa oss straffe som Øyvind Gjuvsland ekspederte i mål. Etter denne leiinga føler kanskje underteikna at me slappa litt meir av og begynte å gjere ting me egentlig ikkje kan. Vanskelege ballar og elendig kommunikasjon første til fleire dødballar og farlege innkast til Buøy 3. Det var likevel i eit suldalsangrep desse drevne 7 er spelerane til Buøy klarte å stjele ballen frå Ingve Berge (på ulovleg vis) og sette i angrep. Det desse spelerane klarte som ikkje me klarte var å setje ballen forbi keeper og i mål.2-2 var eit faktum. Dette var ein skuffelse for oss i suldalsleiren  i ein periode me burde ha spelt betre fotball. Men vondt skulle bli til verre. I ein så godt som tilsvarande situasjon som på 2-2 målet klarte dei kvite og blå og nappa ballen frå Øyvind Gjuvsland (igjen på ulovleg vis) og sette ballen bak ein utrustande suldalskeeper. Buøy hadde gått opp i leiinga noko ufortjent, men underteikna meiner at me hadde oss sjølve å takka etter ein dårleg periode der me rett og slett ikkje var gode nok. Me pressa hardt på mot slutten for ei utligning og me hadde ein del halvsjansar, men kampen ebba ut med eit knepent tap for Buøy 3. Ein skal seie at motstandarane vår denne laurdagen var i krinsmeisterfinalen for 7 erlag i fjor, så dette var drevne karar i denne typen fotball. Me frå Suldal må bare gå endå meir i oss sjølve for då vinn me kampane våre.

Ei takk skal og vere på plass til dagens dommar Ådne Nærheim som tok oppgåva på strak arm

Mål/assist: Jørn Våge/Tor Olav Berge, Øyvind Gjuvsland (str)

Gult kort:Tor Olav Berge

Laget: Svein  Ø Berge, Tor Arne Sigstad, Sigvart Vårvik, Ingve Berge, Øyvind Gjuvsland, Tommy H Espe, Geir Sigmund Bratland, Tor Olav Berge og Jørn Våge. Ubenytta reserve: Isak B Espe