Det vart ein tøff kamp mot Vard. Væsketapet må erstattast i pausen.

Det vart ein tøff kamp mot Vard. Væsketapet må erstattast i pausen.

Det vart ein jamn kamp då Suldal møtte topplaget i avdelinga, Vard i Haugesund onsdag kveld. Til slutt var det Vard som sat att med alle 3 poenga, men Suldalsgutane kan vere nøgde med eigen innsats. Stemninga i bussen var derfor ikkje alt for nedtrykt på heimvegen.

Suldal opna kampen i stort tempo og etter 5 minutt hadde både Håvard og Gunnar vore åleine mot keeper men begge avslutningane gjekk dessverre utanfor. Etter dette kom Vard meir med i spelet. Midtstopparane Mads og Knut fekk det travelt med å springe opp Vard sine stadige forsøk på å slå ballen i rommet bak Suldal sin forsvarsfirar. Likevel var det Suldal som tok leiinga. Eit presist framspel frå midtbanen nådde André, og på tredje forsøk åleine med keeper lukkast det Suldal å lure ballen i mål. Men bare eit par minutt etterpå kom utlikninga då ein Vard-spelar tok 2 av Suldal sine forsvarsspelarar med på springetur mot målet. Med innsats og teknikk klarte kan å setje ballen bak ein god Marius i Suldalsmålet. Ein flott prestasjon!

Resten av omgangen vart prega av at Suldalsgutane er litt passive i avgjerande situasjonar. Spelararne er for snille og høflege, og let aggresive motspelarar vinne viktige duellar. 2-1 målet til Vard kom etter ein slik situasjon: Suldal mister ballen på veg framover, Vard set fart og avsluttar med eit hardt skot i mål. Men like før pause viste Suldalsgutane seg frå si beste side i eit klassangrep. Ballen gjekk frå midtbanen og ut på høgrekanten. Daniel lurte backen sin med dei flott innleggsfinte før han serverte ballen til Gunnar som ekspederte ballen i mål. 2-2 og ei flott avslutning på omgangen.

Suldalsgutane takkar for ein fairspelt kamp

Suldalsgutane takkar for ein fairspelt kamp

Andre omgang var jamnspelt. Uheldigvis starta den med at Vard skora på ei korner etter at me ikkje klarte å klarera skikkeleg. Men Suldalsspelarane heva seg. Midtbanen vart flinkare til å variere ved å vri spelet mot der det det var mest plass, i staden for å klumpe seg mot midten. Forsvarsfiraren var oppmerksame og lurte Vard-spelarane fleire gonger med offside-fella. Både Suldal og Vard hadde sine sjansar til å skore, men kampen ebba ut med eit knepent 2-3 tap.

Neste kamp i kretsserien er heime i Prestavikjo mot Falkeid mandag 13. mai.

 

Mål

0-1       14 min             André

1-1       16 min             Vard

2-1       21 min             Vard

2-2       35 min             Gunnar

3-2       37 min             Vard

Lag: Marius Søraas, Mads van Ruiven, Knut Nærheim, Aslak Fisketjøn, Jørgen Lund, Kentaro Indo, Gunnar Skålheim, Eirik Halgunset, Daniel Espe, Håvard Fattnes, André Vatland

Innbyttarar: Yahya Hassan, Espen Jelsa , Pelle Tijhuis, Bjørnar B. Steine