sunde

Det var ein gjeng revansjesugne karar som reiste til Stavanger for å spele mot eit Sunde lag, som hadde garantert seier i forkant av kampen.

Sunde er eit lag som i fjor kjempa heilt i toppen av avdelinga vår, men har i år hatt litt meir tap enn seierar. Før kampen låg me 3 poeng bak motstandarane våre og kunne med seier her komme opp på like mange poeng.

Også denne kampen mangla me hovudtrenar Geir Sigmund. Og som sist bortekamp mot POL var det tidlegare trenar, Jon Bråtveit som stod for den viktige jobben på linja.

Før kampen var hovudfokuset å jobbe vidare med det me har gjort tidlegare kampar. Då har me spelt gode første omgangar, men har hatt dårlige andre omganger. Dette var noko som me ville ha fokus på. Ballen skal spelast presist og nede på bakken i plassen for lange pasningar som me ofte har benytta når me blir slitne. Det å jobbe hardt i kvar duell og for kvarandre skulle vera suksessoppskrifta denne fredagskvelden.

Første omgangen vår var bra med mykje duellar og ein del bra spel over heile linja. Me gjekk inn i kvar duell med trøkk og vilje. Dette førte til at me kjempa Sunde i senk på deira heimebane. Omgangen var av det sjansefattige slaget, men med mykje nerve i kampen. Underteikna vil ikkje tru at nokon av laga kunne vera misfornøyd med 0-0 etter den første omgangen.
I pausen snakka Jon om at me ikkje måtte falle i moralen slik me har gjort nokre gonger denne sesongen. Me må fortsette spelet frå første omgang og kanskje heve oss endå eit hakk.

Det var vel kanskje Sunde som hadde ballen mest i kampens siste omgang, men det var Suldal som skulle få det første målet. Ei litt klønete utrusting av Sunde sin sisteskanse førte til at han kløpte ned Tore B Søraas inne i sin eigen målgård. Straffesparket var soleklart og det var kapteinen og karen som vart felt som skulle ta straffen. Tore gjorde ingen feil og sette ballen heilt nede ved venstre stolperot og til ei herlig 1-0 leiing.
Sunde prøvde seg på å heve seg nokre hakk og fortsatte å trille ball utan at dei skapte noko særleg med farlegheter. Forsvaret til Suldal hadde stort sett kontroll på det som kom i tillegg til ein keeper i Inge Lunde, som spelte solid.
15 minutt før slutt kom me oss opp og inn i Sunde sitt område. Ingve Berge slo ballen inn i feltet der det var mange spelerar frå begge lag. Etter litt klabb og babb kom ballen til ein umarkert Hallvard Erfjord. Hallvard gjorde ingen feil aleine med keeper og sette ballen kontant i mål. 2-0!!.

Dei siste minutta gjekk utan at Sunde skapte noko som helst og ein fantastisk bortesiger var eit faktum for oss.

Som oppsummering kan ein seie at det gjeld om å holde moralen oppe gjennom heile kampen. Me er gode på vårt beste, men me må bare halde konsentrasjonen oppe. Dette klarte me i denne kampen og eg synes me fortjente å vinne denne. Når ein sundespelar seier:» eg e så leie av å se at de vinne kvar ein duell» har me gjort mykje rett i denne kampen.
Neste kamp er i Prestavikjo 15 juni mot topplaget, Øvre Steinar frå Stavanger.

Mål/assist: Tore B Søraas (str) og Hallvard Erfjord

Gule kort: Ingen?

Laget: Inge Lunde, Sigvart Vårvik, Tore B Søraas, Tor Olav Berge, Christer Hansen, Lars Lavalette, Rene Adjemi, Ørjan Underbakke, Bjørn M Steine, Espen Josdal, Jone Utbjoa

Benken: Hallvard Erjord, Ingve Berge og Sigurd Slåtto (alle spelte mykje)