Storhaug FK

Dårleg kamp av Suldal 2 denne gongen, og det var tydeleg at trening den siste tida har uteblitt.

Fleire sitt med eksamensførebuingar eller jobbar lange dagar, så me har enten hatt trening med få folk eller ikkje trening i det heile tatt.

Me blei springande etter i store delar av første omgang, men fekk med oss eit mål til pause. Bjørn Vidvei avslutta fint etter å ha blitt spelt igjennom på høgrekanten. Etter pause hadde me ein god periode på 5-10 minutt og etter eit klikk-klakk angrep i kjent Suldal2-stil reduserte Hallvard Erfjord til 2-2. Det vart med desse minutta, for resten av omgangen var Suldal igjen ute av kampen. Me var heldige som ikkje slapp inn fleire enn 2 mål på slutten. Rotete pasningsspel førte til at me vart kontra imot fleire gonger.

Me satsar på at treningsoppmøte tek seg opp i vekene framøve, slik at me kan avslutta ein ellers god vårsesong i samme stil som me starta.

Lag: Inge Lunde, Terje Gjuvsland, Tore Madland Steine, Bjørn Vidvei, Bjørn M Steine , Hallvard Erfjord, Ørjan Underbakke, Thomas Brustveit, Vidar Hilde, Johnny Hebnes.

Mål: Bjørn Vidvei og Hallvard Erfjord.

Assist: Hallvard Erfjord

Poeng: Sidan ingen prega seg ut, lot me poengutdelinga liggja denne gongen.