Kaptein Mikkel og resten av laget er klare til kamp mot Koparvik

Kaptein Mikkel og resten av laget er klare til kamp mot Koparvik

Torsdag kveld drog Suldalsgutane i land årets tredje siger på ein regntung bane på Eide. Etter tap i mange jevne kampar tidlegare i sesongen har resultata no byrja å tippa i Suldal sin favør. Koparvik vart sendt heim med 3-2 –tap etter ein kamp der laga dominerte kvar sin omgang, og der Suldal gjorde det unødvendig spennande mot slutten.

Suldal starta kampen friskt, var kontante i duellane og lot ikkje Koparvik kome i gang med sitt spel. Etter eit kvarter fekk Suldal til eit fint angrep. Balllen havna til slutt hos Torjus som banka ballen i mål.1-0.  Ikkje lenge etter kom Torjus på eit nytt raid på høgresida. Ein Koparvikspelar felte han på klønete vis inne i 16-metersfeltet. Sander var sikker på straffen. Og no var karane i siget! Bare eit par minutt etter fann Odd Inge Lars med  ei fin pasning. Åleine med keeper gjorde han ingen feil. 3-0. Koparvik maktar ikkje å svare og Suldal ser ut til å ha god kontroll på kampen. Pasningsspelet er rett nok ikkje mykje å rope hurra for: Det var for mange feilpasningar og balltap i oppspelfasen, men Koparvik klarer ikkje å utnytte overgangsmulighetene som byr seg på ein konstruktiv måte.

Det vart nervepirrande sluttminutt for trenar og innbyttarar

Det vart nervepirrande sluttminutt for trenar og innbyttarar

Etter pausen viser bortelaget at dei ikkje har tenkt å gi seg utan kamp. Dei gir full gass frå start, og presser Suldal bakover på banen. Midtvegs i omgangen får dei frispark like utanfor 16-meteren. Suldalsspelarane er ukonsentrerte og slit med å organisere seg, noko Koparvik veit å utnytte. Ballen ligg plutseleg i nota bak eit forfjamsa suldalsforsvar. Og vondt skulle bli verre: Bare eit minutt seinare kjem dei på eit nytt angrep. Den defensive stukturen til heimelaget slår sprekker, og etter litt klabb og babb klarer Koparvik å pirke inn nok ei redusering.

Dermed var det duka for ei nervepirrande avslutning mellom eit heimelag på defensiven og eit bortelag som augnar håp om poeng. Kombinasjonen av våt, glatt bane, korte kunstgrasknottar og trøytte spelarar gjorde at mange sleit med å halde seg på beina. Men Suldalsgutane tok tak i seg sjølv, jobba hardt og haldt unna heilt til dommaren bles av. Godt jobba og 3 velfortente poeng!

Siste kamp i vårsesongen er borte mot Odda torsdag 20 juni.

1-0      14 min           Torjus Steine

2-0      22                   Sander Deilkås (straffe)

3-0      24                  Lars Lavalette

3-1      60                   Kopervik

3-2      62                   Kopervik

 

 

Gule kort:       3 (alle Kopervik)

 

Lag: Oddbjørn Lund, Mikkel Wigestrand, Pål Erik Landsnes, Tom Wærnes, Oddvar Skålheim, Sander Deilkås, Odd Inge Austarå, Tim Sparcholz, Lars Lavalette, Tojus Steine Peterson Tijhius

Innbyttarar: Eric Smithson, Gjøran Torin Våge