tasta

Me var ein flott gjeng som reiste til Stavanger for å spele siste kampen denne våren. Til denne kampen hadde me mange forfall, men me klarte likevel å stille med 12 mann til denne kampen også.

Med mange forfall blir det naturlig med mange rokkeringar og spelerar må spele i posisjonar dei ikkje er mest komfortable i. I tillegg var trenar Simmen blitt sjuk, og vart ikkje med til denne kampen. Kampplanen var klar. Me skulle legge oss litt deffensivt for å hindre Tasta i å styre det som skjedde frå midtbanen sin. Me skulle trø til og spele med skuldrene senka.

Alt det me snakka om før kamp var tydeleg fort gløymt når dommaren bles igong kampen. Me vart springande i mellom då gode spelerar frå Tasta spela fotball. Me kom ikkje oppi og hadde lite plan i spelet vårt. Sidan me heller ikkje hadde lagleiar med oss, så var det ingen som kunne styre laget og justere frå sidelinja under kampen heller. Då dommar bles av første omgang leda Tasta 4-0 over et elendig lag frå Suldal. Dette var ikkje eit mål for mykje. Ingen av lagdelane våre fungerte og me sprang utpå banen med håve under armen. Kommunikasjonen som vart gjort var stort sett av det negative slaget.

I pausen prøvde me å nullstille oss og prøve å gjere ein god andre omgang.

Det var eit anna suldalslag som entra banen til andre omgang. Me byrja å jobba for kvarandre og me vant fleire duellar. Me hadde også 3-4 halvsjansar som fort kunne blitt mål av. Denne omgangen kunne me faktisk ha vunne om me hadde hatt litt meir flaks. Men i fotball er det som oftest dyktighet som vinn over flaks, og det var på slutten av kampen at Tasta klarte å putta på to mål til.

Me kan konkludera med ein håplaus første omgang og ein mykje bedre andre omgang. Dette får me ta med oss til haustkampane. Vårsesongen vår har vore prega av ein del gode kampar, men fleire under pari. Me kan og bør klare å plukke fleire poeng utover hausten om me spelar slik me veit at me kan.
Underteikna kjenner det skal vera godt med ein fotballpause nå og eg er sikker på at det er ein etterlengta pause for dei fleste andre tilknytta Suldal A-lag også.

Gule kort: Lars Lavalette og Øyvind Gjuvsland

Laget: Ingve Berge, Tor Olav Berge, Øyvind Gjuvsland, Sigvart Vårvik, Tore M Steine, Bjørn M Steine, Jone Utbjoa, Ørjan Underbakke, Lars Lavalette, Espen Josdal og Hallvard Erfjord.
Benken: Audun Hilde ( fekk speletid)