Det var ein ung gjeng fotballspelerar som reiste til Sola for å spela kamp mot tabellnabo, Våganes.

I følge Våganes sine spelerar er hovudgrunnen til at dei ligg der dei ligg på tabellen grunna mykje opp og ned med kor sterkt lag dei kunne stille med til kvar kamp. Uheldigvis for Suldal var dette kampen der dei stilte eit sterkt mannskap.
Sjølv med mange tap er det ingenting som kan ta frå oss humøret og eit smil er aldri langt borte når gjengen er samla til kamp. Likevel fekk me ei litt trist innleiing til kampen denne fredagen då me fekk beskjed om at Våganes hadde mista ein lagkamerat i bilulykke tidlegare i veka. På spørsmålet om me kunne vera med på eit minutt stillhet før kamp svara me sjølvsagt ja.
Mannskapet me hadde til denne kampen var stort sett spelerar født på nittitalet, enkelte av gutane er født så seint som i 1997. Kun Tor Olav, Erik Walter og Bjørn var født på åttitaler eller tidlegare. Det viser at det gror godt i suldalsfotballen og at me er inne i eit aldri så lite generasjonsskifte.
Til denne kampen gjekk me inn med ein litt deffensiv strategi, men det alle er einige om i garderoben før kamp har me ein lei tendens til å gløyme under kampen. Utan hovudtrenar Geir Sigmund på linja til å styre oss vart det også vanskeleg å halda formasjonen slik me hadde tenkt. Våganes var gode med ball og var sikre i sine pasningar, medan me slurva ein del i både posisjonering og pasningsspel. Dette straffar seg stort sett i denne pulja, så det tok ikkje lang tid før Suldal hadde sluppet inn sitt første mål for kvelden. Det skulle kome eit til før me flytta laget oppover og kom inn i deira sekstenmeter. Eit skot frå Johannes traff ein motstandar i handa og dommar dømde heilt rett straffe. Denne straffen vart sett i mål av Jone, som meinte at han hadde full kontroll på situasjonen. Dette målet burde gira oss opp eit hakk, men det var likavel Våganes som gira om å klarte å settja inn eit mål på ei nydeleg heading nokre minutt før pause.
I pausen snakka me igjen om å halda seg i formasjonen og vera tålmodige når Våganes hadde ballen. Heile gjengen var enig om dette og at me skulle gjera ein betre omgang enn den første.
Med fare for å gjenta meg sjølve, så kan eg skrive at andre omgang vart akkurat lik den første. Det vart like mange mål til kvar av laga som i første omgang og kampen enda 6-2 til Våganes. Ein må likevel nevne målet til Suldal i denne omgangen. Ein krossar frå vingen vår havna på hovudet til Christian, som heada fint inn til Bjørn som på fire meter sette ballen sikkert i mål. Eit kjempeangrep som viser at me kan spela flott fotball i Suldal også.
Som oppsummering kan ein nevne at me har mykje å gå på når det gjeld å liggja i formasjon. Vi må opptrå meir som eit lag om me skal skaffe oss fleire poeng denne hausten. I tillegg vil betre pasningskvalitet og posisjonering vera faktorar som me må heva oss til. Om me har som mål til neste kamp å betre dette i tillegg til å gi alt i alle duellar har underteikna tru på at me skal kunne få med oss fleire positive resultat denne hausten. Allereie laurdag 31 august har me mulighet til å heve oss for då kjem topplaget Havørn til Prestavikjo. Kampen byrjar klokka 14.30.

Mål/assist
Jone
Bjørn/Christian

Laget: Erik W, Tim, Tor Olav, Sigvart, Thomas, Espen, Jone, Steffen, Johannes, Bjørn, Hallvard
Benken: Ørjan, Mikkel, Christian (alle fekk speletid)