Midtsoppar Knut teikna seg på skoringslista også mot Åkra, medan Marius gjorde ein god kamp i mål

Midtstoppar Knut teikna seg på skoringslista også mot Åkra, medan Marius gjorde ein god kamp i mål

I vått haustver feia suldalsgutane ein ny motstandar av banen søndag kveld. Grasmatta på Eide var blytung etter mykje nedbør i helga, men heimelaget viste at dei beherska dette underlaget godt. Utover i kampen var det tydeleg at dei hadde meir krefter enn motstandarane. Sjølv om det var nokså jevnt i målprotokollen til godt uti andreomgangen, var det aldri noko tvil om kven som kom til å dra sigeren i land.

Alllereie frå avspark var det tydeleg at det var Suldal som ville mest. Alle lagdelane jobba godt saman. Det eine fine angrepet etter det andre vart bygd opp bakfrå, ballen vart fordel ut både på høgre og venstre kant, og bare små marginar gjorde at det ikkje vart både 3 og 4 mål til Suldal det første kvarteret. Men skotvegring og lauskrut gjorde at det vart med det eine dødballmålet som kom på indirekte frispark like innanfor sekstenmeteren.  Åkrakeeperen fanga eit tilbakespel med hendene, og på det påfølgande frisparket fann Eirik eit hol i ein noko holete åkramur. 1-0 etter 5 minutt.

Til tross for massivt overtal i spel og sjansar skulle det bortimot ein halvtime før leiinga vart dobla. Rodas gjorde nok ein god kamp som ballfordelar på midtbanen. Han fann ein løpsvillig Håvard på venstrekanten, som ikkje lot seg be to gonger. Ei enkel avslutning utan dill-dall og somling gjorde at det stod 2-0.

Dei siste minutta før pause kom Åkra meir med i kampen sjølv om det aldri vart farleg framfor Marius i suldalsmålet. Og også i starten av andre omgang var det Åkra som var friskast. Dei vann duellane og fekk flytta laget høgare opp i banen. Reduseringa kom etter retur på eit langskot. Men offensiven hadde tydelegvis kosta krefter. For sakte men sikkert tok Suldal over kampen igjen. 3-1 kom etter eit nytt fint angrep der Rodas sender Daniel åleine gjennom. åkrakeeperen må finne fram ei god redning for å stoppe skotet, men Håvard er påpasseleg framme på returen. 3-1. Like etter er Håvard  tilretteleggar når Ådne legg på til 4-1, medan han med sitt tredje for kvelden aukar til 5-1. Like etter er Det Daniel som set fart mot åkraforsvaret. Dei heng ikkje med i svingane, og denne kan heller ikkje keeper hindre han i å skore. Sluttresultatet får Knut gleda av å fastsetje til 7-1 på ein korner like før slutt.

Ein vel gjennomført der alle var med på å spele kvarandre gode! Takk ogfor innsatsen til dommar Svein Øystein Berge som etter kampen fekk skryt frå begge lag.

Neste kamp er borte mot Skjoldar torsdag 19 sept kl 18.30

 

Mål

1-0       5 min               Eirik

2-0       25 min             Håvard

2-1       40 min             Åkra

3-1       50 min             Håvard

4-1       55 min             Ådne

5-1       57 min             Håvard

6-1       65 min             Daniel

7-1       70 min             Knut

 

Lag: Marius Søraas, Knut Nærheim, Eirik S. Halgunset, Jørgen Lund, Aslak Fisketjøn, Kentaro Indo, Rodas Teklay, Daniel B. Espe, Håvard Fattnes, Jostein Hindenes, André Vatland,

Innbyttarar Robin Straabø, Bjørnar B. Steine, Ådne Kolstø