sandved
Det var eit suldalslag som hadde ein fot godt planta nedi 6 divisjon som reiste til Sandved for å møte dei kvite og grønstripete karane frå Sandnes regionen.

Det skulle vise seg at etter denne kampen skulle det gå frå vondt til verre for dei gulkledde Suldølane.

På papiret hadde me eit ganske bra lag til denne kampen, men det er som vanleg ein kamp som skal spelast før ein kan seie seg nøgd eller ikkje med resultatet . Denne kampen var av det horrible slaget når det gjeld plan og ferdigheiter. Sjelden har ein vore vitne til meir personlege feil og tullete involveringar enn i desse drøye, nitti minutta.

Det første målet imot kom etter at ein sandvedspelar juksa litt bak forsvarslinja vår. Med ein assistentdommar, ville nok dette målet blitt avblese for offside. Ein kan allikevel ikkje skylde dette på dommaren. Nummer to og tre i baklengsstatistikken var av det litt pinlege slaget. To deffensivt svake involveringar gjorde at Sandved kunne gå til pause med ei komfortabel og fortjent leiing.

I pausen snakka Simmen om at me måtte prøve å gjere medspelerane bedre og jobbe som eit lag. Vi viste i heimekampen mot POL at dette er oppskrifta.

Tydelegvis hadde fleire gløymt korleis ein skulle spele fotball som lag etter sist helg, men ein må nevne at fleire av dei som spelte kampen mot Sandved ikkje var med mot POL. Då vert det vanskeleg å finne ei god oppskrift på korleis ein kan hevde seg i 5 divisjon.
Etter sekstifem minutt av kampen hadde Suldal rakna totalt og bortelaget sin keeper hadde plukka sju ballar ut av nettet. Ein kan godt seie at 5-6 av desse måla kom etter grove feil frå heile laget. Sjelden har underteikna opplevd eit dårlegare organisert suldalslag.

Nå ser det ut som at det går mot nedrykk for oss. Dette vil eigentleg vera ei kjærkomen degradering for eit lag som slit med kontinuitet og sjølvtillit. Me har mange unggutar som vil spela for heimaklubben sin i gult og svart. Desse vil absolutt få prøve seg til neste sesong. Då vil me bygge opp eit nytt fundament i sjedde divisjon.

Til helga vil det vera spelefri for A-laget, men 7 erlaget har kamp kl 14.00 på laurdag i Prestavikjo. Dette 7 erlaget vant for øvrig 4-2 over Sandnes Ulf 4 på laurdagen som var.

Laget: Ingve, Tommy, Tor Olav, Johannes, Thomas J, Jørn, Jone, Ørjan, Espen, Bjørn, Hallvard
Benken: Tore B Søraas og Sigurd Slåtto (begge spelte)