vidar

I dei 2-3 siste åra har me hatt mange utskiftningar i troppen frå kamp til kamp. Dette er naturleg nok ein av faktorane som spelar ei stor rolle for kamputfallet.

Ikkje at me stiller noko svakare frå eine kampen til den andre, men rett og slett kontinuiteten og flyten blir broten for kvar kamp. Dette skulle også vera tilfelle til denne kampen mot eit Vidar 2 som allereie før kampen i Prestavikjo var klar for fjerde divisjon saman med Havørn frå vår pulje.
Etter to forfall på kampdagen kunne me likevel til denne kampen stille med fjorten staute karar i troppen. Simmen mana troppen til kamp i nydeleg solskinn på strålande vakre Prestavikjo stadion.

Då den lojale fansen vår hadde sett seg og dommar Ole Boine bles kampen i gong, hadde klokka tikka 13.30 og årets siste heimakamp var i gong. Me jobba godt i soner og tvang Vidar 2 sine håpefulle til å gjera ein del feil. Underteikna må rett og slett ha sin rett til å seie at ting fungerte ganske så bra dei første førtifem minutta av kampen. Nokon fartsfylt kamp vart dette aldri, men mykje duellar og nokre gode sjansar begge veier gjorde nok dette til ein severdig fotballkamp. Til pause gjekk likevel både gul/svarte og svartekledde gutar av banen med like tomme målpungar som ved kampstart.

I pausen snakka Geir Sigmund om det gode presset og at me måtte spela med låge skuldre. Dette var eit Vidar 2 lag som me absolutt kunne vera på talefot med.

Det skulle likevel vise seg at kondisjon skulle spele ei stor avgjerd for utfallet av denne kampen. Det som er litt komplisert med denne kondisjonssdelen er ikkje bare at ein blir anpusten og gåen, men ein mister også fokus og får problem med orken. For unge og lette karar frå Lassa såg ikkje denne kondisen til å vera til så stort besvær. Dei sprang meir enn oss og fekk etterkvart gjera litt som dei ville på den store og grøne kunstgrasmatta i Suldal. Utan at ein kan seie at dei skapte så spesiellt mange sjansar kan ein konkludera med at dei tre måla dei fekk var fortjente nok. På vår side ville det seg ikkje heilt framfor mål denne søndgen. Både Øyvind, Jone og Ingve hadde bra nok sjansar til å kunne sette både eitt og tre mål bak den unge målvakten frå Stavanger.
Ein liten kuriositet for dagen var at Isak B Espe fekk sin debut for A-laget til Suldal. Med seg på banen dei siste 15 minutta hadde ungguten både faren sin Tommy og to onklar i Tor Olav og Ingve. Hadde bestefaren som gjekk på linja med flagg i hånda også spelt i dag, hadde ein hatt ei god historie å koma med etter kampen i dag.

Me er ikkje skuffa over dette resultatet, men tar heller med oss dei positive tinga i kampen. God jobbing og bra tone i laget gjer sitt til at dette var ein kjekk kamp å spela. Neste helg er det Øvre Steina som står på motsatt banehalvdel. Dette vert då den siste kampen me ha i denne lange og ganske tunge sesongen.

Gule kort: Lars og Jone

Laget: Erik W Vold, Tommy Espe, Tor Olav Berge, Johannes Wiegestrand, Mikkel Wiegestrand, Bjørn M Steine, Jone Utbjoa, Odd Å Lunde, Lars Lavalette, Ingve Berge, Øyvind Gjuvsland

Benken der alle fekk speletid: Jørn Vaage, Christer Hansen og Isak B Espe