vaulen

Ein god gjeng Suldølar var skrapa saman på kort tid etter at me fekk bekrefta kamptidspunktet dagen før.

Dette laget frå Vaulen er ein gjeng rutinerte ringrevar som veit korleis 7 erfotball skal spelast.
Dei første 30 minutta av kampen hang me godt med og 1-1 var resultatet til pause. Dette kan resultatet kunne vel eigentleg suldalsgutane leve best med, då Vaulen burde putta både fire og fem mål. Andre omgang vart for oss ein rein parodi. Me hang ikkje saman og byrja spela elendig fotball. Tolmodigheten som me burde hatt vart heilt gløymd ut og me byrja å pressa høgt. Dette utnytta rulinerte vaulenkarar og sette minst fire mål til bak vår keeper Inge Lunde. Underteikna er ikkje heilt oppdatert på stillinga, men me slapp hverfall ikkje inn færre enn fem mål i flomlyset på Vaulen. Denne kvelden fekk me merka kva 7 erfotball handlar om. Rutine, tolmodighet og pasningssikkerhet er nøkkelord.

Mål/ assist
Tor Olav/ Tore Madland

Laget: Inge, Terje, Tore M S, Steffen, Torstein Bjørn M S, Sigurd, Ørjan, Tor Olav og Anders