images

Det er eit par veker sidan siste seriekamp, så referatet kjem noko seint.

Den siste kampen i sesongen 2013 gjekk på Midjord mot Øvre Steinar. Før kampen var situasjonen den at med uavgjort eller tap ville det vere heilt sikkert at det vart sisteplass i pulja og nedrykk til 6. divisjon. Med siger, var me avhengige av at Forsand tapte sin kamp. Så kan ein vel seie at dette ikkje var noko så mange gjekk og tenkte på, for dei fleste er nok einige i at for tida er det 6. divisjon som er den rette divisjonen for Suldal sitt a-lag.

Det viste seg fort at det ikkje var nokon grunn for å oppdatere seg på Forsand sitt resultat. (Dei vann uansett 2-1.) Ganske raskt gjekk heimelaget opp til 1-0. Suldal greidde likevel å bite litt frå seg, det var me som hadde den første store sjansen. Det var eigentleg ganske ope den første omgangen, sjølv om heimelaget var hakket kvassare. Spesielt var dei gode på å komme i angrep med mange mann. Likevel trudde me at me hadde ein viss sjanse i pausepraten.Trur og at me fekk målet vårt før pausen, utan at eg er heilt sikker. Uansett var det Jone Utbjoa som stod for det.

Men; i andre omgang gjekk det den vegen høna sparkar i ti minutt. Då skåra Øvre Steinar fire kjappe mål, mellom anna to på flotte frispark frå langt hald. Dermed var det ingen tvil verken om kor sigeren i denne kampen skulle gå, eller om kva divisjon Suldal stiller i til neste år.

Det ser likevel ikkje så mørkt ut for suldalsfotballen. Det har vore eit gedigent generasjonsskifte dei siste par sesongane, og ungdommen som nå har fått prøvd seg er svært så lovande. Dersom brorparten av desse held fram med å spele for Suldal i åra framover, ser eg ikkje bort frå at 5. divisjon kan vere den rette divisjonen om nokre år. Det er mykje fotball i gutane, og med litt meir musklar og taktisk kløkt, vil dei om få år kunne slå skikkeleg frå seg. Eit eksempel på den nye vinen i denne kampen var Sander Abrahamsen Deilkås som gjorde debuten sin for a-laget. Det var ein debutt han kom fint ifrå. Uredd og ivrig fossa han opp og ned høgresida og kom til fleire fine innlegg. Og det på same banen som storebror Fredrik debuterte på for tre(?) år sidan.

Fakta:

Mål: 

Suldal: Jone Utbjoa

Kort: 

Eitt til Øvre Steinar

Lag: 

Ingve Berge – Nils Arne Moe, Sigvart Vårvik,  Johannes Wigestrand, Christer Hansen- Tim Sparcholz. Tore B. Søraas, Steffen Øigjord, Mikkel Wigestrand – Jone Utbjoa, Espen Josdal

Innbyttarar: Tor Olav Berge, Ørjan Underbakke, Sander A. Deilkås, Torstein Erfjord