Suldal sitt jentelag i lilleputtklassen 2013.

Suldal sitt jentelag i lilleputtklassen 2013.

Når året går mot slutten, kan det vere greitt med ei oppsummering av det som har vore.

Leiaren i fotballgruppa, Svein Øystein Berge melder følgande:

I 2013 har me hatt 7 lag som har delteke i Suldalsserie og Suldalscup. Dette er i klassane miniknott, knott, lilleputt og ungdomstrinn. Det er Suldal idrettslag som har vore arrangør dette året.

Det er aktivisert ca. 70 spelarar på desse nivåa.

Det har vore imponerande innsats både av spelarar og trenarar/lagleiarar. Foreldre har vore gode og positive støttespelarar til kjøring på bortekampar.

På kretsplan har me hatt eit 11er –lag i G-13 klassen som består av spelarar frå forskjellege stader i kommunen. Dei har spelt i 2.divisjon og gjort ein framifrå innsats.

Me har også hatt eit G16-lag som har spelt 1.divisjon krets. Same opplegg med spelarar frå fleire stader i kommunen. Det er sterkt av ein liten klubb å stilla lag i 1.divisjon og sjølv om dei enda i nedre del av tabellen, så var det likevel fleire gode resultat å ta med seg.

Pga. skader og skule var det ein redusert gjeng som fullførte sesongen.

Både G13 og G16 deltok på Dana Cup i Danmark i juli. Her oppnådde begge laga svært gode resultat. Ei kjekk turnering i strålande sommarver.

Dette innlegget, samt resultat og referat vil de og finne igjen på arkivsida for 2013-sesongen, aldersbestemte lag.