Det nærmar seg oppstart med treningar for aldersbestemt fotball. Ungdomstrinnet starta sist veke. Dei har treningar torsdagar kl 18.30. Elles er det oppstart for knott og lilleputt denne veka. Miniknott startar opp måndag 20. januar.

Miniknott: 1. og 2. klasse + 3. klasse jenter

Det vert oppstart med treningar måndag 20. januar kl 17.15 (merk tida). Treninga varer til kl 18.30. Trenarar/lagleiarar er Åsmund Bakka og Siri Fisketjøn Indrebø.

Knott: 3. klasse gutar, 4. klasse + 5. klasse jenter

Det vert oppstart med treningar torsdag 16. januar kl 17.15 (merk tida). Treninga varer til kl 18.30. Trenarar/lagleiarar er Mina Lunde og Dagfinn Havrevoll (inntil vidare). Gi beskjed til Dagfinn Havrevoll (tlf. 95100792) dersom nokon ønskjer å vere med som trenarar/lagleiarar.

Lilleputt:

Lilleputt jenter startar opp måndag 13. januar kl 18.30. Trenarar: Petter Hoås og Odd Austarå

Lilleputt gutar startar opp onsdag 15. januar kl 17.00. Trenar: Christer Hansen 

Statkraftcupen laurdag 15. februar

Det vert statkraftcup i suldalshallen laurdag 15. februar. Ungdomstrinnet spelar fredag 14. februar. Dersom nokon ikkje kan vera med denne dagen, er det kjekt om de gir beskjed til trenarane på første trening. Då veit me kor mange lag me kan melda på frå Suldal IL.

Suldalsserien og cupen

Det er Nesflaten IL som er arrangør av suldalsserien og cupen 2014. Dato for cupen er enno ikkje fastsatt. For fleire nyhende, følg med på www.suldal-il.no.