IMG_4791Med over 90 deltakarar, pluss foreldre, trenera og støtteapparat var det til tider folksomt i løypene i Breiastølsdalen i dag. Men med godvilje frå alle (og frå dei turgåerane som prøvde å få seg ein tur) gjekk det av i likaste laget. Breiastølsdalen vart ein fin reservearena når snøen i lysløypa svikta. Og etter ein frisk tur i løypa var dei fleste nedom Gullinghuset for ein velfortent kiosktur og skidrøs. Her var det og fine premiar å få.

ResIMG_4795ultatlister finn du her.

Tusen takk til alle i Suldal IL som alltid stiller opp som mannskap på renna våre og ikkje minst Gullspor og Bjørn Egil som gjer det mogleg å arrangere renn. IMG_4811 IMG_4806

IMG_4794